Ski-NM:–Viser at eg kan gå fort når alt klaffar
–Viser at eg kan gå fort på ski, når kropp og ski spelar på lag, seier Elin Uppstad som er nøgd med innsatsen på NM del ein.
Skiløparen frå Valle oppsummerer NM del ein etter to løp på distanse. Der ho kom på 34.plass, to og eit halvt minutt bak vinnaren på 10 km klassisk.
–Det var overraskande for meg å gå så fort i klassisk på 10 km. Då eg vanlegvis er sterkare i skøyting. Det fyrste var eit veldig bra renn for min del, og syner at eg kan gå fort på ski når det klaffar for meg, seier Uppstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opp og ned
Medan på 20 km med skibytte kom ho eit stykke bak og enda på ein 42.plass.
–Det løpet var mindre bra. Skibytte er noko eg berre går ein gong i året, og eg hamna langt bak då det er mykje kaos i starten på ein fellestart. Men det er litt opp og ned slik det plar vere, seier ho.
Trenar mot Hovden
Framover skal ho gå nokre renn i norgescupen før fokuset rettast mot NM del to på Hovden.
–Eg skal trene slik at eg er i best mogleg form til dei to løpa eg skal gå der. Det er 5 km skøyting, og 30 klassisk, seier Uppstad.