Ungdommar frå indre bygder fekk testa korleis det er å køyre med eit syn tilsvarande 1,5 i promille. Ei skremmande oppleving, men interessant å få prøvd ut. –Mange kjente veldig på ansvaret når dei sette seg inn i ein fin bil med så lite kontroll på synet gjennom promillebrillene, seier Kristina Naglestad. (Foto: Kristina Naglestad)

Skremmande ”promillekøyring”

Ungdommar både frå Åseral, Konsmo, Byremo og Eiken stilte opp då ”Bruk håve” inviterte dei til å prøve å køyre bil med briller tilsvarane 1,5 i promille. –Dette gjorde verkeleg inntrykk på ungdommane. Dei forstod galskapen i å sette seg bak rattet påverka, seier Kristina Naglestad.

Det var med nysgjerrigheit og litt spenning dei unge sjåførane mellom sette seg inn i den fine BMW-en til Marnar trafikkskole sundag formiddag. Men det vart ingen vanleg sundagstur, for promillebrillene gjorde runden på lukka område til ein tur dei lenge kjem til å minnast.

–Med lite til ingen kontroll på grunn av synsforstyrringa i brillene, gjekk det verkeleg opp for dei kva slags galskap fyllekøyring verkeleg er, seier Kristina Naglestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det hjalp lite på køyreeigenskapane med sjåførlærar ved sidan av, men det gjorde turen heilt trygg for ungdommane som fekk erfare kor vanskeleg det er å ha kontroll på bil med ”promille.”

–Nokre var kanskje litt smånervøse for om dei kom til å «få det te», men poenget med dette er jo det å kjenne på at ein nettopp ikkje får det så godt til, seier Kristina Naglestad i Åseral Frivilligsentral.

Alle sjåførane vart utstyrt med briller tilsvarande å ha 1,5 i promille. –Me er litt stolte av at dette blei ein suksess, og at det kan vere med på å snu ein dårleg trend med fyllekøyring i indre Agder, seier Kristina Naglestad.

Vil møte dei unge

Initiativet ”Bruk håve” er eit samarbeid mellom frivilligsentralane i Åseral, Audnedal og Hægebostad og snøscooterklubbane i Åseral og Eiken. Saman arbeider dei for å betre haldningane blant dei unge når det kjem til køyring både på veg og på snø, og prøver å gjere det lettare å vere ”kjip”.

–Det kan vere veldig vanskeleg å seie i frå for dei unge. Klistremerket me laga er ein del av det å gjere dette lettare. Ved å klistre dette på bilen, scooteren, mobilen eller kor som helst, så kan ein seie i frå at det er lurt å bruke ”håve”, utan at ein må vere tøff nok til å ta debatten, seier ho.

Naglestad meiner at fleire av kommunane i indre bygder gjerne kunne vore med på eit samarbeid for og med ungdommane i distriktet.

–Me i frivilligsentralane og snøscooterklubbane treff ungdommane på ein litt anna måte, og me opplever at det har ein effekt, seier ho.