Brokke AS sluttar no å køyre opp langrennsløyper som eit tiltak for å redusere talet på byfolk som kjem på hyttene sine. Bare her i ljosløypa blir det køyrt opp spor - i alle fall så lenge Valle kommune, som eit traseen, vil halde fram med preppinga.

Slutt på løypekøyringa i Brokke

Som eit tiltak for å begrense talet på byfolk i hyttene sine blir det no slutt på oppkøyrte langrennsspor i Brokke.

Bakgrunnen er kravet frå styresmaktene om at på grunn av korona-utbrotet skal ikkje folk ut av sin eigen heimkommune for å dra til hytta.

– Sjølv om me no faktisk ber dykk om ikkje å kome, er de likevel sårt sakna! heiter det i meldinga frå Brokke AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunal løype

Ljosløypa i Brokke blir likevel køyrt opp. Det er fordi Valle kommune eig løypa og betalar for oppkøyringa. Det er ikkje klårt om også Valle kommune vurderer stans i løypekøyringa.