Ordførar Svein Arne Haugen i Evje og Hornnes avlyser det planlagde ekstraordinære kommunestyremøtet i morgon torsdag fordi kriseleiinga i kommunen meiner smittesituasjonen er under kontroll.

-Har kontroll på smittesituasjonen

-Vi har fortsatt kontroll lokalt. Det slår ordførar Svein Arne Haugen fast i ei nyttårshelsing til tilsette i kommunen og politikarkollegaer.

Bakgrunnen er at han hadde planar om å gjennomføre eit ekstraordinært kommunestyremøte torsdag på lille nyttårsaftan for å skaffe seg nødvendig ryggdekning for eventuelle smittetiltak i skular og barnehagar når desse er i gang igjen på nyåret. Nå er situasjonen i Evje og Hornnes så godt under kontroll at det planlagde kommunestyremøtet er avlyst.

I staden vart det i dag onsdag 29. desember halde fagmøte med oppvekst/helse og kriseleiinga i kommunen der konklusjonen vart at ein ikkje vil sette i verk tiltak utover det som er bestemt frå nasjonale styresmakter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren slår fast at verken den nasjonale smittetrenden eller den lokale har forverra seg.

God vaksinasjonsdekning

-Lokalt har me svært god vaksinasjonsdekning som gir god beskyttelse. Me har ikkje fråvere frå tilsette i skule/barnehage som påverkar skulestart, slår han fast.

Kriseleiinga ønskjer difor ikkje å kome med forslag/behov for lokale forskrifter. Konklusjonen er at ein vil halde seg til nasjonale føresegner.

Oppsummering

Ordføraren oppsummerer den lokale smittesituasjonen slik:

Me hadde før jul to utbrot.

Eit utbrot i tilknytning til 5. klasse med Deltavarianten av viruset.

Eit utbrot i tilknytning til 8. klasse med Omikronvarianten av viruset.

Utbrotet i 5. klasse har heilt stoppa opp, utan vidare smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbrotet i 8. klasse har spreidd seg til husstandsmedlemmer til elevane.

Dei siste smittetilfella i kommunen er i all hovedsak Omikron.

Det er i dag (onsdag) 7 personar i isolasjon i kommunen, og 11 i karantene.

Dagens morgonrapport (testresultater) frå sjukehuset gav inga endring på dette.