Fire isolerte og 259 i karantene i Evje og Hornnes

I går ettermiddag kom det fram at det no er eit fjerde tilfelle av koronasmitte i Evje og Hornnes kommune. Kommunen har kartlagt nærkontaktar av dei smitta og sett 259 menneske i karantene.

– Onsdag ettermiddag har Evje og Hornnes kommune fått beskjed om enda et nytt tilfelle av påvist koronasmitte. Dette er et tilfelle som, etter det vi vet nå, ikke har noe å gjøre med de andre tilfellene av smitte som vi har hatt tirsdag og onsdag, skriv Evje og Hornnes kommune.

Smittetilfellet er nummer fire som er påvist denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen hadde onsdag kveld kontroll på alle som skal i karantene, og alle vart kontakta av smittesporingsteamet. Det er no tilsaman 259 i karantene. 119 av desse er i 10-dagars karantene, medan 140 sit i karantene i påvente av prøvesvar.

Les også
140 i karantene i Evje og Hornnes

På tysdag vart 140 personar sett i karantene etter at det første smittetilfellet i kommunen vart påvist. Prøveresultata til to av familiemedlemma til den første smitta viste dagen etter at også desse to har fått korona. Den eine er elev ved ungdomsskulen på Evje, og kommuneoverlege Horverak avgjorde difor å stenge av skulen i minst 10 dagar. Eit heilt trinn og store delar av dei tilsette vart sett i karantene. Vaksenopplæringa vart også stengt.

Barneskulane og barnehagane i kommunen held opent, men enkelte trinn og avdelingar er sett i karantene. Også Setesdal vidaregåande skule på Hornnes held opent, men eit trinn og 8 tilsette er sett i avventande karantene.

Med det fjerde smittetilfellet vart talet på personar i karantene 259 i dag, torsdag. 134 av desse kan bli løyst frå karantenen dersom prøvesvar viser at smitten ikkje har spreidd seg vidare.