Desse snille jentene koste seg med is under 17. mai-feiringa i Bykle. Frå venstre Sønnei Olava Bjønnes og Åsne Utistog. (Foto: Helga Jacobsen)

Sønnei Olava (7) og Åsne (5) feira nasjonaldagen med is i Bykle

Det har vore eit strålande vêr Setesdal i dag. I Bykle koste Sønnei Olava Bjønnes og Åsne Utistog seg med is utanfor samfunnshuset.

Ordførar Jon Rolf Næss i front av 17. mai-toget i Bykle. (Foto: Helga Jacobsen)

Frå Bykle samfunnshus gjekk folketoget rundt Nedre Sarv til aldersheimen og tilbake til samfunnshuset. Der hygga byklarane seg med leikar og aktivitetar utover dagen før kulturprogrammet tok til om ettermiddagen.

Ei blid jente, Ailin Nesland, som feira 17. mai i Bykle. (Foto: Helga Jacobsen)
Petra og Såvi Trydal frå Trydal feira nasjonaldagen i Bykle. (Foto: Helga Jacobsen)