Eit trinn på Evje ungdomsskule har heimeskule i dag etter at det vart påvist eit smittetilfelle på trinnet i går. (Foto: Ole Birger Lien)

Stadig meir smitte i heile distriktet

Det har kvar einaste dag denne veka blitt meldt om nye smittetilfelle av covid-19 i distriktet vårt.

I Åseral vart det meldt om nytt smittetilfelle onsdag, torsdag og i dag, fredag. I Evje og Hornnes blir det også stadig oppdaga nye smittetilfelle. I går vart det registrert tre nye positive testar. To av tilfella er knytt til skulane på Evje. Eit trinn på Evje barneskule og eit trinn på Evje ungdomsskule har heimeskule i dag på grunn av smitte på trinnet.

I Valle vart det registrert eit nytt tilfelle onsdag, noko som førte til at Hylestad barnehage måtte stenge fram til måndag. I Bygland er det ikkje registrert nye tilfelle siste dagane, men kommunen er i sterk beredskap sidan det er registrert nye tilfelle i nabokommunen Evje og Hornnes. Bykle kommune har ingen registrerte smittetilfelle per i dag.