– Dette er det eg kallar Gårdsbollen. Den gule kremen er laga med egg frå garden, og alt er sjølvsagt økologisk, seier Kristine Berge frå Iveland. Delikatessene baud ho fram på landbruksmessa på Evjemoen, men til vanleg driv ho med heimlevering av baksten.

Starta bakeri i kjellaren: Leverer fersk bakst på døra til kundane

–Det er surdeig eg brenn for, seier den engasjerte bakaren Kristine Berge (29) frå Iveland. På garden har ho starta bakeri i kjellaren, og leverer kvar veke ferske brød, bollar og egg heilt heim til folk.

–Når andre ligg heime og søv, så arbeider eg, seier Kristine Berge.

Ho bakar om natta, og når folk kjem heim frå arbeid står det ferske bakarvarer og egg klare til dei frå gardsbakeriet Enklere bondeliv. Det er nok mange som ikkje veit om konseptet ho tilbyr frå garden i Iveland, for sjølv skulle ho ønskje ho hadde endå fleire kundar lokalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Køyrer ei fast rute

–Det er mange nedover mot Kristiansand og Søgne, og eg skulle gjerne hatt fleire å levere til i Iveland. Mange blir overraska når dei høyrer om det eg driv med, så det er kanskje ikkje så kjent endå, seier Berge.

Kvar veke har ho ei fast rute der ho køyrer til Vennesla, Kristiansand og Søgne.

Den gode lukta frå dei ferske bakarvarene og det store stort smilet til bakaren gjorde at mange kom bortom standen ho stod ved på landbruksmessa på Evjemoen i helga. Ho har også stått på Bondens marked i Kristiansand, der kvar smitt og smule har forsvunne før dagen er over.

Entusiasme for faget

Berge tykkjer det er triveleg å slå av ein prat med potensielle kundar, og går ikkje av vegen for å drøfte litt surdeig.

–Det er mange som seier at dei sel surdeigsbrød, og så er det eigentleg også gjær i. Dette her er ekte surdeigsbrød slik dei skal vere, fortel Berge og peikar på brøda der einaste hevemiddelet er surdeig.

– Det er slik det vart gjort i gamle dagar. Og mange har fått augene opp for det på nytt, fordi det er mykje betre for magen. Eg høyrer stadig om folk som berre vil ha surdeig, for då får dei mindre vondt i magen, seier Berge.

Surdeigen er levande og treng stell. Den ho nyttar i brøda sine held ho nå liv i på femte året.

–Ved å bake med surdeig, startar ein nedbrytningsprosess av både gluten og andre tungtfordøyelege stoff i kornet. Det gjer jobben for magen enklare, og dei fleste opplever surdeigsbrød som lett fordøyeleg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

To gode hjelparar

Med fem typar surdeigsbrød, meiner ho å ha noko for einkvar smak. I tillegg bakar ho Gårdsbollen med gul krem, müslibrød og -rundstykker og loff. Bakaren må med andre ord ha mykje å gjere.

– Eg har to gode hjelparar, det er det einaste, seier Berge.

Ho siktar til to eltemaskinar som hjelper med tyngste børa med elting av deigen. Elles er ho åleine om drifta Enklere bondeliv, og gler seg over å kunne by både drop in- og faste kundar på kvalitet frå bakeriet hennar.

Kristine fyller på med ferske surdeigsbrød og gårdsboller.