Anne May Grosås kunne nyleg feire 25 år som frisør i Iveland. Det som skulle vere ein forsiktig start med Anne May’s Frisørsalong på vaskerommet heime på Grosås, har blitt eit levebrød. – Det er veldig moro! Det er kundane som gjer at ein vil halde på. Det blir mange gode samtalar om moro og alvor, seier Anne May.
Anne May Grosås kunne nyleg feire 25 år som frisør i Iveland. Det som skulle vere ein forsiktig start med Anne May’s Frisørsalong på vaskerommet heime på Grosås, har blitt eit levebrød. – Det er veldig moro! Det er kundane som gjer at ein vil halde på. Det blir mange gode samtalar om moro og alvor, seier Anne May.

Starta salong på vaskerommet

Som så mange andre gründerar starta Anne May Gros-ås i det små.

Heime på vaskerommet på Grosås i Iveland opna ho frisørsalong for 25 år sidan, og flytta seinare over i det som kanskje er Noregs minste salong. Men det er god nok plass til å ta i mot kundar frå heile distriktet.Ho driv den einaste frisørsalongen i Iveland. På sine 11 kvm tek ho kvar dag i mot kundar som vil bli nye på håret.

– Eg har både yngre og eldre kundar, og både kvinner og menn. Det gjer jobben veldig variert, seier Anne May Grosås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har mange faste som er innom salongen. Det hender likevel ganske ofte at ho får nye som tek turen til Grosås. Som einaste frisørsalong i kommunen blir det ein del kundar frå nærområdet. Anne May får også veldig mange kundar frå Kristiansand, Søgne og Setesdal.

”Vanskeleg å begynne med noko i Iveland”

Det var ikkje sjølvsagt at ho skulle få ein frisørsalong til å gå rundt i Iveland. Om ho sjølv hadde trua på prosjektet, var det ein del som sa at ”det er så vanskeleg å begynne med noko i Iveland”.

Anne May starta likevel opp på vaskerommet til mor si på Grosås. Eit år seinare var ho vel plassert i ei brakke som vart stelt opp og klar til bruk. Der er ho ennå, og den lille salongen har vore hennar trufaste arbeidsplass gjennom 25 år.

– Det var ein seljar her som meinte det måtte vere Noregs minste frittståande frisørsalong, så det har blitt min hashtag på instagram, #minstefrisørsalong, seier Anne May Grosås.
På 11 kvm har ho god nok plass til stol, vask, produkt og venteområde for kundane som kjem.
– Det var ein seljar her som meinte det måtte vere Noregs minste frittståande frisørsalong, så det har blitt min hashtag på instagram, #minstefrisørsalong, seier Anne May Grosås. På 11 kvm har ho god nok plass til stol, vask, produkt og venteområde for kundane som kjem.

Gøy med hår

– Det er folka som gjer det. Så mange gode samtalar om både moro og alvor. Og så er det jo så gøy med hår, seier Anne May.

I tillegg til salongdrifta dreiv ho i 12 år også med brudepynting for Snefrids Hus i Kristiansand.

– Eg har ikkje tal på kor mange bruder og brudemodellar eg har stelt. Det var veldig moro å stelle bruder, seier Anne May.

Fann seg ein bonde frå Evje

Ho kjem sjølv frå Grosås, men flytta til Evje då ho fann seg ein bonde der. Dermed har ho litt kjøreveg til arbeid, men trivest godt som frisør i Iveland og gardkjerring på Evje - enn så lenge.

– Eg har jo teke over garden på Grosås, så me flyttar nok dit etterkvart. Men kyrne og sauene våre går jo alt på beite på Grosås, seier Anne May.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flyttinga vil gjere arbeidsvegen betydeleg kortare, men inntil vidare held dei seg på Evje. Salongen på Grosås kjem uansett til å vere den same.

Nye teknikkar og trendar

Det krevst mykje oppdatering av kunnskapar og arbeidsmåte undervegs når ein driv som frisør.

– Det har jo skjedd ei enorm utvikling i faget. I starten for min del var det heilt andre trendar og teknikkar. Permanent gjorde ein jo ein del av, og det har det blitt mykje mindre av i åra som har gått. Det er viktig at ein heile tida held seg oppdatert på det nye som kjem, seier Anne May.

Det har ho tydelegvis klart sidan kundane stadig kjem tilbake til den lille salongen på Grosås.

Som så mange andre gründerar starta Anne May Gros-ås i det små. Heime på vaskerommet på Grosås i Iveland opna ho frisørsalong for 25 år sidan, og flytta seinare over i det som kanskje er Noregs minste salong. Men det er god nok plass til å ta i mot kundar frå heile distriktet.