Startar snikkarverkstad på Byglandsfjord
Robert Jablonski og Magda Jablonska har starta snikkarverkstad på Byglandsfjord og satsar på produksjon av rekkverk. – Me håpar det går bra og jobbar no med å nå ut i marknaden, seier dei.
I industrilokala på det gamle stasjons-området på Byglandsfjord er ekteparet i full gang med etableringa av den nye verksemda som spesialiserer seg på rekkverk til trapper.
Robert Jablonski er dagleg leiar i Rekkverk Master AS og fortel om etableringa og planane for framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me fekk tak i lokale her sist sommar, så har det blitt noko forseinka me importen av CNC-maskina men no er me i gang og vil introdusere oss i marknaden, seier han.
Delar til rekkverk
Snikkarverkstaden vil i hovudsak levere rekkverkdelar til trappeprodusentar men tek også på seg andre oppdrag.
– Me lagar deler til rekkverk. Dreier og freser stolpar og spilar. I tillegg til å vere ein vanleg snikkarverkstad, seier Jablonski.
– Om nokon har ei gamal trapp med eit rekkverk som manglar nokre delar eller som bør skiftast. Då kan eg lage ein ny del, legg han til.
Skape arbeidsplassar
Han og kona Magda Jablonska er i dag dei to tilsette i verksemda. Ho seier dei fyrst må sjå korleis nyetableringa utviklar seg, men at håpet er at det på sikt kan bli fleire arbeidsplassar.
– Ønsket har heile tida vore å skape vår eigen arbeidsplass her på Byglandsfjord der me bur. Samtidig som det er fint å få aktivitet i lokala, seier ho.
I desse dagar arbeider dei for å introdusere verksemda til ulike trappeprodusentar.
– Men me tek også på oss oppdrag for privatpersonar. Me håpar dette går bra, men det er det kundane som avgjer. Målet er at me kan tilby folk noko dei vil ha, seier Jablonska.