Stenger alle skular og barnehagar

Alle skular og barnehagar i heile landet blir stengde frå i dag, torsdag. Det er eitt av tiltaka regjeringen kjem med i dag for å hindre virusspreiing, skriv NTB.

Avgjerda betyr at Noreg gjer det same som danskane bestemte seg for i går. Det er eit dramatisk tiltak, men sannsynlegvis heilt nødvendig, så alvorleg som situasjonen no har blitt. Steninga vil også få mykje å seie for anna arbeidsliv då mange småbarnsforeldre vil måtte bli heime for å ta seg av borna.

Også frå apoteka blir det meldt om lange køar og forsøk på hamstring av medisinar. I varehandelen merkar ein også tendensar til storkjøp som nærmar seg hamstring. Folk flest synest å vere redde for at unntakstilstanen kan kome til å vare ei stund framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

På kultursektoren er det også uro. Svein Inge Olsen med mange års erfaring som arrangør av Protestfestivalen i Kristiansand seier til Setesdølen at ei rekke avlysingar gjer det økonomisk vanskeleg for mange konsert- og festivalarrangørar framover. Han trur at det berre er dei med statlege garantiar i bakhanda som vil greie seg.