Gunnar Gakkestad i Vassend prøvde å redde taket på uthuset då vinden tok tak onsdag kveld. I staden fekk han sjå korleis taket vart rive av og landa på tunet. (Foto Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Sterk vind blåste taket av uthuset

Det har vore sterke vindkast denne veka, med både velta tre og søppeldunkar på avvege. I Vassend lengst sør i Bygland fekk Gunnar Gakkestad ei skremmande oppleving då taket på uthuset blåste av. – Eg er berre glad ungane var inne, seier Gakkestad.

Han merka godt at vinden tok tak i husa onsdag kveld. Men då han såg at taket på uthuset ikkje låg på plass lenger, reiste han ut for å prøve å feste det som var losna.

– Eg stod i stigen, og plutseleg letta taket og blåste over på andre sida, fortel Gakkestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter rivna takstykket av huset, og landa ved sidan av.

Gakkestad var snar med å legge nokre tunge jernbanesviller over taket, slik at det ikkje skulle reise vidare og gjere meir skade.

– Eg er berre glad for at ungane var inne, og at det gjekk greit med alle. Materielle skader kan ein alltid fikse, seier han.

Ein del av taket på uthuset til Gunnar Gakkestad i Vassend vart tatt av den sterke vinden onsdag. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)