Stor jubileumsfest for det frivillige arbeidet på Evje
Stiftelsen Evje og Hornnes Frivilligsentral kan i år feire 25 år. Det blir markert med ein stor fest i Evjemoen Kino.
Mykje frivillig arbeid blir året gjennom organisert og utført ved Evje og Hornnes Frivilligsentral.
Det gjeld alt frå matutkøyring, språkkafé, volleyball for alle og datahjelp til besøksvennteneste og bussturar for eldre. Det betyr også ei stor mengde frivillige som kvar veke gjer ein innsats for å gjere kvardagen til andre litt betre. Dagleg leiar ved Evje og Hornnes Frivilligsentral, Anne-Marie Bir-keland rosar alle dei frivillige som står på, og har stått på i alle desse åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
–Nå inviterer me også alle som vil og kan til ei stor jubileumsfeiring i kinoen på Evje 26. september, seier Birkeland.
Konsert
Der blir det gratiskonsert for heile bygda med trubadurane Øyvind og Oddvar Omnes.
På programmet står også talar og servering av kaker og kaffi.
–Me ønskjer alle hjarteleg velkomne, men ber om at dei som vil delta melder seg på innan 20. september, seier Birkeland.
Det kan ein gjere til Elin på tlf 91382817 eller Anne-Marie på tlf 97418570.