– Stor korona-risiko i sommar

– Den som trur at korona-faren er over kan få seg ei stygg overrasking.

Det seier kommuneoverlege i Bygland og Evje og Hornnes, Åsulv Horverak. Han ber folk vere ekstra forsiktige i sommar.

Horverak meiner at alt for mange har senka skuldrane alt for mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje rart at folk får ei kjensle av at no nærmar me oss normalen att. Samfunnet opnar meir og meir opp, så då er kanskje dette med korona langt på veg over? Det er ikkje det! Nettopp det at det no blir opna meir og meir opp gjer at me må passe ekstra godt på. I sommar blir det meir trafikk, det kjem også fleire utanlandske tilreisande, og eg fryktar ei ny smittebylgje viss me ikkje passar på, seier Horverak.

Endå meir ope

Frå 15. juli er det losna endå meir på reiserestriksjonar i Europa. Horverak minner om at det rundt om i verda er ”skrekktal” med tanke på smitta og døde.

– I Noreg har me vore både dyktige og ikkje minst heldige. Me ynskjer å halde oss på eit nivå me kan kontrollere. Ser ein ut i verda er det mange stader verkeleg ille. Slike tilstandar i Noreg ville ha ført til fullstendig kaos i helsevesenet og samfunnet elles. Når me no skal rundt meir enn på lenge, og det kjem fleire menneske her til dalen, må me hugse på dugnaden me alle har vore med på så lenge, seier kommuneoverlegen.

Det som gjeld er å halde avstand til andre menneske, vaske hendene i sprit og generelt tenke på smittefaren same kor ein er.

– Ein skal bare tilbake til mars månad for å forstå kor alvorleg korona-utbrotet faktisk er. Då vart det meste stengt ned, det var inngrep i kvardagen som ein vel aldri har sett før. No har me kome langt i å få kontroll på utbrotet her i landet. Det dummaste me kan gjere er å sleppe opp og tenke at jobben er fullført. I sommar er det ekstra vitkig at alle tar smittevern på alvor. Det er framleis ein del restriksjonar både med tanke på reising og ikkje minst arrangement. Det fører til ein litt spesiell sommar, men er nødvendig. Her i dalen har folk vore flinke til å fylgje opp både anbefalingar og pålegg. No skal me arbeide vidare med mål om å kome tilbake i ein normal kvardag så snart som råd, seier Åsulv Horverak.