Førstkommande måndag kl. 07.00 startar vedlikehaldsarbeid av rv. 9 Storstraumen bru. Riksvegen blir stengd medan arbeidet går føre seg og det blir skilta omkøyring.

Storestraumen bru på Rv9 blir stengd i 4 dagar

Frå førstkomande måndag kl. 07.00 og fram til torsdag 13. juni vert Storestraumen bru på riksveg 9 i Bygland stengd for all trafikk fordi Statens vegvesen skal gjennomføre vedlikehaldsarbeid på brua. Berre gåande kan passere over brua i denne perioden.

For trafikantar i nordgåande retning blir det omkøyring via Åraksbø til Ose, medan persontrafikken sørover vil gå på vestsida av Byglandsfjorden så langt råd er. All trailertrafikk og andre storbilar i begge retningar på riksveg 9 vil bli dirigerte til fylkesvegen på vestsida av fjorden.

Prefabrikkerte avlastingsplater skal hindre framtidige setningar

Vedlikehaldsarbeidet på Storestraumen bru varer til og med torsdag. Årsaka til at Statens vegvesen stengjer riksvegen, er at det har oppstått setningar i vegbane ved brua.

Artikkelen held fram under annonsen.

–Entreprenøren vår har i forkant av dette arbeidet laga prefabrikkerte avlastingsplater. Desse platene skal gravast ned og hindra framtidige setningar, seier Sigvald Rinden, byggjeleiar i Statens vegvesen.

Når vegen blir stengd, skal entreprenøren grava opp på begge sider av brua før platene blir heiste på plass.

– Desse platene blir deretter støypte saman på staden. Betongen treng tid til å herda før han blir belasta. Deretter fyller me opp med massar før heile området til slutt blir asfaltert, fortel Rinden.

Vis omsyn langs omkøyringsvegen

Medan Storstraumen bru blir stengd, blir det skilta omkøyring. For vanlege bilar blir det omkøyring via fylkesveg 3804 Åraksvegen på austsida av fjorden, mens for tungtransport blir det omkøyring via fv. 3778 langs vestsida av Byglandsfjorden. For tungtransport blir det noko venting sidan det blir brukt ledebil.

– Me i Statens vegvesen oppmodar alle trafikantar til å vera tolmodige, vise omsyn til andre trafikantar og følgje skilting og ledebilen, seier Sigvald Rinden.

Arbeidet varer fram til og med torsdag 13. juni.