Det vart ein festdag i Åseral i går. Desse blide jentene, Kristin Linea Børtnes Mjaaland (t.v.) og Maja Niewiadoma bar fana for mellomtrinnet på Åseral barne- og ungdomsskule.

Endeleg skikkeleg nasjonaldagsfeiring i Åseral

I Åseral vart det ein strålande festdag på 17. mai. Ikkje berre var det stor oppslutning om eit tettpakka program, men det vart også gjort ekstra stas på nokre talentfulle åsdøler.

Det er ikkje få menneske i sving for å få til ei skikkeleg 17. mai-feiring etter fleire år utan. Ordføraren i Åseral vart sjølv imponert over eigne innbyggjarar:

– Takk til lag og foreninger, forsangere, 10. klasse, korps og alle som bidro til at det ble en flott og minnerik dag, skriv ordførar Inger Lise Lund Stulien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein ekstra triveleg dag vart det for kulturprisvinnarane og kulturstipendvinnaren.

Begge prisane vart delt ut av ordførar Inger Lise Lund Stulien og kulturkonsulent Ann Kristin Tollefsen under 17.mai-feiring i går.

Ein kreativ oppfinnar

Ordførar Inger Lise Lund Stulien og vinnar av kulturstipendet i Åseral, Emil Orthe. (Foto: Tonje Kallhovd)

Under pandemien skulle alle helst avgrense sosiale aktivitetar. Emil Orthe i Åseral fekk som så mange andre då tid til overs. Då fekk han seg eiga smie, og har smidd omnsraker, knivar og krokar, og ikkje minst munnharper som han har stor interesse for.

Dette fekk han også til Landsfinalen i UKM. Han har også selt eigenproduserte varer frå snikkarbua og smia. Det unge talentet fekk difor årets kulturstipend.

Turnerte både lokalt og utanlands

Ordførar Inger Lise Lund Stulien (t.v.) med kulturprisvinnarane Asbjørn Kvåle, Bjarne Verdal og Andreas Forgard. T.h. kulturkonsulent Ann Kristin Tollefsen. (Foto: Tonje Kallhovd)

Kulturprisen gjekk til Åsetrallen som gjennom mange tiår har spreidd glede og mykje god stemning både i kommunen og utanfor kommunens grenser. Åsetrallen er Bjarne Verdal på trommer, Asbjørn Kvåle på gitar og Andreas Forgard på trekkspill.

Med sitt gode humør og smittande musikkglede har dei gjennom utgjevingar av kassett og CD fått eit trufast publikum som stiller opp på konsertar og ikkje minst bussturar i både inn- og utland, står det i grunngjevinga.

På 80 og 90-tallet reiste dei rundt på Sørlandet og spelte opp til dans, og det kunne bli opp mot 35 konsertar i året. I 1992 starta dei med bussturar til utlandet. Neste år er det 40 år sidan dei starta opp, og i år er det 30-årsjubileum for bussturane.

Sjå bilete frå feiringa i Åseral her:

Artikkelen held fram under annonsen.