Strålte i barnetoget gjennom Evje

Barnetoget på Evje var eit syn for dei oppmøtte langs ruta. Endeleg kunne borna heve flagget høgt og juble for nasjonaldagen i samla flokk.

Festkledde evjedøler i alle aldrar flokka seg utanfor Evje kyrkje etter gudstenesta der.

Sjuandeklassingar ved Evje barneskule las dikt og Jon Gunnar Kjetså heldt minnetale utanfor kyrkja. Han minna oss på fridomskampen som vart kjempa av menn frå Evje og Hornnes under andre verdskrig, men også om korleis Europa igjen opplever usikre tider etter invasjonen av Ukraina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peika også på korleis det å gå i barnetog er eit ganske unikt fenomen me har Noreg. Det gav ei ekstra påminning om kor heldige ein er som bur i Noreg, og at ein ikkje skal ta for gitt å kunne feire nasjonaldagen i eit flott barnetog gjennom heile bygda.

Sjå bilete frå markeringa og toget her: