Ivrige strikkarar i Valle. Frå venstre: Astrid Kringlen Trydal, instruktør Jorunn Høyland, Torbjørg Hovet og ukrainske Nadiia Kovalenko.

Strikkelaurdagen i Valle

Det var snakk om trollstrikk og strikke tilbake på retta, og ikkje minst å felle etter hæl. Faguttrykka hang i lufta når strikkeglade kvinner stilte på strikkefestival i Valle ein strålande laurdag midt i mars. Det vart halde strikkekurs både i biblioteket i Sæbyggjen, på kafeen ved Nordibø Landhandel og i husflidssentralen.

Over alt gjekk praten lett over strikketøyet, og oppslutninga var god frå starten tidleg på føremiddagen til avslutning med quiz på Nordibø utover kvelden.

Marit Henriksen sat klar til å gi strikke-instruksjon på kafeen ved Nordibø Landhandel.

– Festivalen i år var eit prøveprosjekt, men me skal gå vidare og få endå meir ut av det neste år, lova arrangørane. I år vart det kollisjon med ei rekke andre arrangement, m.a. strikkefestivalen i Kristiansand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karin Bøe lærde frå seg strikkekunst i det flotte biblioteket i Sæbyggjen i Valle, her med biblioteksjef Aud Kjersti Torbjørnsen.

Samlinga i Valle gav likevel meirsmak. Dei fleste deltakarane var for veteranar å rekne, men det var også noko nytt å lære. Og når ein kjem til hælen, er det stadig nokon som vrir seg litt. Under festivalen i Valle fekk dei kyndig rettleiing av instruktørar i både hælfelling og mangt anna.

Sjå fleire bilete: