Sykkel nr 10.000 på veg
”Sykler til Cuba- eit reint dugnadsprosjekt i Setesdal”.
Dette er slagordet til ”Sykler til Cuba”, prosjektet der ingen får løn, kilometergodtgjersle eller tapt arbeidsforteneste. Her er det god, gamal, norsk dugnadsånd som gjeld. I 19 år har dei halde det gåande. Kvar haust i alle desse åra har dei sendt containerar med syklar, sportsutstyr, sko og klede, datautstyr og skulemateriell til den eksotiske, men dessverre så fattige øya.
E fantastisk oppfinning
Sykkelen er ei fantastisk oppfinning for folk i fattige land, der kollektivtransporten er fråverande og der det er veldig langt mellom privatbilane. Dagleg transport i nærmiljøet, arbeidsreiser, skuleskyss, omsetnig av varer, leik og sport, lista over sykkelen sine bruksområde er lang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Likevel, i ei tid då det er så mykje snakk om klima og kamp mot fattigdom, blir sykkelprosjektet møtt med skuldertrekk frå sentrale politikarar og bistands-byråkratar. Så sykkelprosjektet stør seg på ganske vanlege folk.
70 års aldersforskjell
Forrige helg var det pakke-dugnad på Bygland. Det er for det meste karar som er på S.Kleivane Sagbruk og syter for å få containerane studd med syklar. I vrimlehallen på Bygland skule pakkar damene sko og klede i bereposar som skal inn i alla holrom mellom syklane.
Pakke-dugnad er sosialt og alltid med god mat. Då den siste av containerane blei pakka, var det særs god aldersspreiing på dugnadsfolket. I vrimlehallen sat Martha Haugen (87) og pakka klede, medan Iver Kvaale Skibsrud (17) pakka syklar som om han aldri hadde gjort noko anna.
Sykkel nr.10 000 og takk
Dugnadsgjengen hadde ei lita markering på S.Kleivane Sagbruk då sykkel nr.10 000 blei plassert i containeren. Sagbrukseigaren sjølv, Svein Kleivane, som no ofrar seg mest for kulturen, var dessverre ikkje til stades.
Blant mange gode hjelparar gjennom 19 år står Svein Kleivane i ei særstilling. Kvar haust gjennom alle desse åra har han fått arbeidsplassen sin okkupert av folk som pakkar syklar til Cuba. Når norske politikarar ikkje vil, og cubanske byråkratar lagar så mykje problem dei klarer, er det godt å ha ein hjelpar som stiller opp, står støtt og alltid har ein humoristisk kommentar.
Jan Olsen