Sykkelfest og handelsdagar i Evje sentrum
Riksveg 9 forbi Evje sentrum er staden for både start og målgang under Sykkel-NM tysdag og torsdag, og igjen kan folk over heile landet få eit lite glimt frå Setesdal.
Denne veka blir sykkel-NM arrangert mellom Kristiansand, Vennesla og Evje. I morgon og torsdag er det etappar i distriktet vårt, og både start og målgang er på riksveg 9 like ved Evje sentrum.
I morgon er det lagtempo junior og senior for både kvinner og menn. Starten går klokka 16.30. På torsdag er det tempo para for junior og senior, for både kvinner og menn. Då startar det heile kl 11.30.
Artikkelen held fram under annonsen.
Løypa går langs rv. 9.
Omkøyring til Arendalsvegen
Det blir omkøyring til Arendalsvegen langs Alfred Uglands veg/ Taubanegata/Ljosheimvegen/ Grenjåvegen under løpet begge dagane, men trafikantar og bebuarar i området blir oppmoda om å unngå unødvendig køyring i tilknyting til løypa.
Evjedagane ut veka
Evjedagane startar på onsdag, og varer til og med sundag. Då er opningstidene utvida og alle butikkane byr på gode tilbod i sommarvarmen. Det ligg difor an til å bli mange livlege dagar i Evje sentrum denne veka.