annonse

Tett samarbeid mellom ordførar og varaordførar

Dei nye samarbeidspartnarane i Evje og Hornnes, frå venstre
Dei nye samarbeidspartnarane i Evje og Hornnes, frå venstre: Glenn Cato Christensen, V, Svein Arne Haugen, AP og Finn Bjørn Rørvik, H har fordelt dei mest sentrale tillitsverva og skrive under på samarbeidsavtale for den nye fireårsperioden.

+ Det er lagt opp til eit tett samarbeid mellom den nye ordføraren i Evje og Hornnes, Svein Arne Haugen frå AP og den nye varaordføraren Finn Bjørn Rørvik, Høgre når det nye kommunestyret har konstituert seg torsdag kveld. Av samarbeidsavtalen mellom desse to partia og Venstre går det fram at ordførar og varaordførar skal ha faste møte med kvarandre minst ein gong i veka. Avtalen inneber også at Venstre får leiarfunksjonen i Levekårsutvalet.

Sigurd Haugsgjerd