Både fylkesordførar Arne Thomassen og varaordførar i Åseral, Gro Boge Aasheim har ordet under feiringa av nasjonaldagen i Åseral. Her fotografert under filmpremiere på Amerikafilmane i Åseral i fjor. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Tettpakka program for nasjonaldagen i Åseral

Der setesdølane tuslar kvar til sitt om ettermiddagen 17. mai, køyrer åsdølane på med folkefest etter eit allereie tettpakka dagsprogram. Til den tradisjonsrike festen om kvelden kjem fylkesordførar Arne Thomassen.

Arne Thomassen får æra av å tale til åsdølar og tilreisande under folkefesten om kvelden 17. mai. Då skal det også delast ut kulturstipend og kulturpris, det blir matservering og underhaldning i god åsdølsk tradisjon.

Programmet for nasjonaldagen i Åseral er nok til å ta pusten frå dei fleste. Dagsprogrammet startar med Åseral bondelag sin bilkortesje frå Austrudstunet om morgonen, og vidare til familiegudsteneste, kranspålegging, folketog og tale for dagen av ordførar Inger Lise Lund Stulien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter går folketoget vidare til skulen der varaordførar Gro Boge Aasheim presenterer eit rikhaldig program med mellom anna aktivitetar som øksekast, saging, spikerslag, pilkast, potetløp og sekkeløp, og seinare idrettsleikar for alle som vil få opp pulsen. Også her blir det raust med matservering av grillmat og komper, pylser og lappar og alt som godt er.

Åsdølane gjev deretter seg sjølve eit par timars pause før den store folkefesten om kvelden i Åseral fleirbrukshus.