Kommunedirektør Frantz A. Nilsen og økonomisjef Anne Sofie Hornnes har lagt fram budsjettet og økonomiplanen som politikarane no skal diskutere.

Tida for dei store investeringane er over

Kommunedirektøren budsjetterer med mindre investeringar i åra som kjem. – Evje og Hornnes har ein trong, men god økonomi, seier Frantz A. Nilsen.

I budsjettet for 2023 og økonomiplanen dei neste tre åra, har kommunedirektøren i Evje og Hornnes lagt opp til mindre investeringar i åra som kjem.

Frantz A. Nilsen seier kommunen har gjennomført store investeringar dei siste åra, og investeringstakten no blir mindre etter at ein har sluttført prosjektet med uteområdet ved Evje skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bakgrunnen er at kommunen har investert kraftig dei siste åra, noko som har auka gjelda vår. Difor har me lagt investeringsplanen så lågt me kan. Det blir ikkje lagt opp til store utbyggingar før 2030, seier han.

– Me har plass nok i helse og omsorg, og med ny skule på Evje er det ikkje behov for å bygge meir på ei stund, seier kommunedirektøren.

Økonomisjef Anne Sofie Hornnes seier det er investeringar dei er pålagde å gjennomføre i økonomiperioden.

– Det er veldig nøktern investeringar som ligg i økonomiplanen. Til dømes endringar på reinseanlegget, som me er pålagd å gjere. Elles er me heldige som har fått bygd ut så mykje, før uvissa og prisane i bygg og anlegg har auka, seier ho.

Nilsen seier kommunen har ein stram, men god økonomi.

– Me har ein normal økonomi, som er trong men god. Det er nøkternt, slik at me må vere på heile tida, seier han.

– Me har hatt eit stort fokus på økonomistyring, legg Hornnes til.

Det er budsjettert med 3,8 millionar kroner i inntekter frå konsesjonskraft, samtidig som det er venta ein trekk på 1,5 millionar i rammetilskotet frå staten. Det er også budsjettert med 23,2 millionar i utbytte frå Agder energi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også lagt opp til ein auke i kraftinntekter på grunn av Fennefoss kraftverk.

Budsjett for 2023 og økonomiplanen skal no handsamast politisk i dei ulike partigruppene og politiske utvala før det skal gjerast vedtak i kommunestyret i desember.