Frå venstre: Stein Ove Bråten og Simen Aaheim, Nord-Gudbrandsdal vgs., avd Otta, John Terje Dovland og Ingemann Jermansen, Sam Eyde vgs, og Aleksander Stengrimsen og Patrick Evjen Tørrissen, Meldal vgs. (Foto: Sam Eyde videregåande skole)

To ferske noregsmeistrar frå Evje og Hornnes

John Terje Dovland og Petter Strømstad frå Evje og Hornnes gjekk heilt til topps under Skule-NM i går. Den eine innanfor logistikk, og den andre bilfag.

Kvart år er det Skule-NM for elevar i vidaregåande skule. Då blir det konkurrert i 33 ulike yrkesfag.

På Sam Eyde videregående skole var det Skule-NM i faga anleggsmaskinførarfaget, arbeidsmaskinar og logistikkfaget. John Terje Dovland frå Evje og Ingemann Jermansen vann lagkonkurransen innanfor Transport og logistikkfaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var noko evjedølen ikkje hadde rekna med.

– Eg vart heilt sjokka, og visste ikkje korleis eg skulle reagere. Det var ei stor glede at me vann, seier John Terje Dovland.

Elevane fekk ein time til å løyse ei logistikkoppgåve der dei skulle gjere klar ei stor sending med paller med gods. Etter 55 minuttar var dei ferdige, og innsatsen heldt til topplassering.

Ingemann Jermansen (t.v.) og John Terje Dovland var veldig fokuserte under Skule-NM i logistikk. Oppgåva løyste dei med glans. (Foto: Sam Eyde Videregående skole)

– Me var veldig konsentrerte, og eg trur ikkje nokon kunne fått nokre svar av oss medan me heldt på. Då var det fullt fokus, seier den ferske vinnaren.

Han går andre året på transport og logistikk, og har ein plan om å bli yrkessjåfør. Etter kvart er planen å ta over familiebedrifta Dovland Transport AS. 1. plassen under Skule-NM gav i alle fall ekstra motivasjon til å halde fram.

– Me har vore 6 veker i utplassering, og så er det eit halvt år på skule før læretida startar. Eg skal ha læretida i Dovland Transport, seier John Terje Dovland.

Best innan bilfag

Petter Strømstad frå Hornnes tok 1. plassen i bilfag, lette køyretøy, før Nikita Oustinov, Kirkenes vgs på 2. plass, og Jonas Carelius Holm, Borg vgs på 3. plass.

– Det var veldig moro å vinne. Når det kjem folk heilt frå Kirkenes for å vere med, så er det litt ekstra stas å vinne, seier Petter Strømstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nikita Oustinov (t.v.), Petter Strømstad frå Hornnes og Jonas Carelius Holm. (Foto: Kvadraturen videregående skole)

Han går andre året på Kvadraturen vgs i Kristiansand, og pendlar frå Hornnes kvar dag. I går arrangerte Kvadraturen Skule-NM i faga automasjon, elenergi og ekom, køyretøy og bilskade, lakk og karosseri.

– Eg har øvd veldig mykje, og var godt førebudd. Så eit lite håp om å vinne, det hadde eg, seier han.

Oppgåvene han skulle løyse under konkurransen var mellom anna firehjulskontroll, kontroll av registerreim, kontroll av bremser og elektrisitet. Ei rekke grunnleggande ting innanfor lette køyretøy, som Strømstad utførte med glans.

Han er denne veka utplassert ved Lantz Auto på Evje, kor flagget i dag gjekk til topps for den ferske noregsmeisteren i køyretøy.

– Dei vart veldig fornøgde, seier Strømstad som har ein plan om å bli bilmekanikar.

Kan hende går turen inn i Forsvaret også, og til dei mange køyretøya som er der. For skruing blir det uansett for den ferske noregsmeisteren i bilfag frå Hornnes.