To nye smittetilfelle i Evje og Hornnes

Svara på korona-testane som blei tatt i familien til mannen som fekk påvist korona i går, viser to nye smittetilfelle.

Den eine som har fått påvist smitte i dag er elev ved ungdomsskulen på Evje. Difor avgjorde kommuneoverlege Horverak at skulen skal stengast i minst 10 dagar. Evje og Hornnes Voksenopplæring skal også halde stengt. Barneskulen og barnehagen på Evje held opent.

Kommunen meldte tidlegare om at det er 140 personar i karantene, men det er eit tal som vil bli påverka av smittesporingsarbeidet kommunen no held på med.

I ettermiddag kom det melding om eit fjerde tilfelle. Det betyr at det totalt er fire som har fått påvist smitte i Evje og Hornnes denne veka.

Evje og Hornnes kommune jobbar no vidare med å handtere situasjonen. Smittesporingsteamet i kommunen tek kontakt med alle som blir påverka av dette, og det blir auka testkapasitet i kommunen.

Les også
140 i karantene i Evje og Hornnes
Les også
Evje ungdomsskule blir stengt