Nytt smittetilfelle i Bykle

Det er i alt to tilfelle av påvist korona i Bykle. Torsdag kveld vart det stadfesta eit tilfelle ved Bykle sjukeheim, og fredag vart det klart at endå ein person er smitta. Testinga og smittesporinga held fram i dag. Det er framleis usikkert kor smitten kjem frå.

Det andre utbrotet av smitte kom ved Hovdestøylen/Hovden Resort. Der vart 30-40 gjester isolerte og testa etter at ein hotelltilsett testa positivt på Covid-19.

Bykle kommune og Hovdestøylen samarbeider no om smittesporing frå 14 dagar tilbake i tid. Tilsette ved legekontoret i Valle har også vore med for å hjelpe Bykle kommune med smittesporing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er teke 42 prøver, eller tilsvarande omlag 1,8 % av befolkninga i Bykle og Valle, dei fem første dagane denne veka. Ein reknar med å ha teke 50 prøver i løpet av denne veka, opplyser kommuneoverlege Maren Østvold i Bykle.

Berre negative testar

Alle testar som vart teke til og med fredag var negative. Gjestene som vart isolerte ved Hovdestøylen kan reise heimover i dag dersom dei er symptomfrie. Dei som måtte ha symptom på smitte blir testa i dag.