Politileiar i Setesdal, Sigurd Langeid, seier til Setesdølen at å køyre scooter ulovleg etter 1. mai fører til skjerpa straffereaksjonar. Sist fredag vart to karar tekne for ulovleg køyring i Hylestad austehei. Foto: Ole Birger Lien

To tekne for ulovleg scooterkøyring i Hylestad austehei

Sist fredag kveld vart to karar i 30 åra tekne for ulovleg scooterkøyring i Hylestad austehei. Dei kan vente seg ein streng reaksjon.

– Å køyre scooter ulovleg plar svi på pungen. Når ein gjer det etter 1. mai, då det er stans i all motorisert ferdsle i fjell og hei, må ein vente seg ein svært streng reaksjon, seier politileiar i Setesdal, Sigurd Langeid.

Ikkje lokale

Dei to karane, ingen av dei lokale, vart tekne i heia opp frå Hovet i Hylestad.

– Den eine mangla også gyldig førarkort. Saka er anmeldt. 1. mai er ikkje ein dato plukka opp av ein hatt. Det er omsynet til villreinen og kalvingsperioden dette handlar om, og det skal heilt ekstraordinære moment til for å få løyve til å køyre snøscooter i fjell og hei etter den datoen, seier Sigurd Langeid.