Olga Jensen på Himmelsyna i strålande sol på 90-årsdagen sin 2. april. På toppen møtast kommunane Evje og Hornnes og Froland, og i finvêr har ein vidt utsyn. (Foto: Privat)

Topptur til Himmelsyna på 90-årsdagen

Olga Jensen ønskte seg topptur på ski med familien på bursdagen sin. Den spreke 90-åringen med jentenamnet Kjebekk er oppvaksen i Flatebygd, og kunne vifte med flagget frå Himmelsyna (649 moh) i strålande solskin på dagen sin.

Bursdagshelsinga til Olga kjem frå familien hennar:

– Denne flotte og spreke dama, Olga Jensen, fødd Kjebekk og oppvaksen i Flatebygd, fylte 90 år 2 april. Etter jubilanten sitt ønske blei dagen feira med topptur til Himmelsyna saman med næraste familie. Vi er stolte av deg! Du er sprek, positiv og alltid på eit sprudlande humør. Helsing Ove og Rune med familiar.