LUFTIG: Torjus Homme fekk sjå den gamle støylen og heiane han er så glad i frå lufta.

Torjus (87) reiste attende til barndommens paradis i helikopter

Torjus Homme fauk med helikopter over sitt barndoms paradis i Valle austhei. For fyrste gong på over 15 år fekk han sjå støylen han gjekk og gjette på i ungdommen. – Det var så moro å sjå, at eg ville aldri blunke, seier han.

I slutten av juni sat Torjus Homme på rommet sitt på Valle bygdeheim og gledde seg ekstra til det som skulle skje på ettermiddagen. Då skulle nemleg ein gamal draum gå i oppfylling.

– Torjus hadde tala om mykje om Gullborgstøylen og kor moro det hadde vore å sjå den att etter alle desse åra, fortel Sissel Østebømyr Helle ved Valle bygdeheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho ringa nevøen til Torjus, Knut Sollid og spurde om det var mogleg å få til ein tur med helikopter inn til støylen.

– Han svara at dette skulle sjølvsagt ordnast, fortel ho.

Den ettermiddagen venta Torjus spent før Knut henta han og dei køyrde til Hovden der helikopteret tok av i retning Gullborgstøylen.

– Turen gjekk over Vatnedalsdammen, så over Bjørnevatn, Homsfjell og ein runde over Vallebygda, seier Knut.

VALLE: Torjus Homme har fortalt mykje om Gullborsgtøylen i Valle Austhei til Sissel Østebømyr Helle på Valle Bygdeheim.

Rørande gjensyn

Det er ein omstendeleg prosess å få landingsløyve inne i heia, og helikopteret kunne ikkje gå lengre ned enn meir enn 150 meter over bakken ved Gullborgstøylen.

– Me såg Laugardalen, Stavatn og Fidbekk, og så tok helikopteret tre rundar rundt Gullborgstøylen, fortel Torjus.

– Han kjende att og minnest alle fiskevatn me flaug over, seier Knut.

Torjus seier det var ei stor oppleving å sjå heiane og støylen att etter alle desse åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var rørande å sjå det. Samstundes var det også vemodig når ein veit at ein ikkje skal inn der att, seier Torjus.

SYSTERSON: Knut Sollid frå Bykle er nevø av Torjus og har også vore mykje i Valle austhei.

Lang tur til fots

Det er om lag 15 år sidan han var inne på støylen sist. Han var i alle år ein ivrig fiskar og før den tid var med foreldra og gjette om sommaren. Torjus var med på støylsdrifta fram til 1961, medan foreldra dreiv på i fem år til med seterdrift.

– Då eg var i min beste form og hadde vore i militæret, gjekk eg inn til støylen på tre timar. Det kunne ta opp mot åtte timar å gi inn med krøter. Det kunne vere strevsamt med kalvar som ikkje hadde vore ute før og aldri hadde sett ein bekk før, seier Torjus.

Gullborstøylen ligg langt inne på heia, ikkje så langt frå Bjørnevatn og grensa til Fyresdal.

– Ein gong då eg var mindre hadde eg fått så mykje fisk som eg bar heim til bygda, at mor mi gret då eg kom fram. Då hadde eg mest stoppa med kvar stein eg gjekk forbi for å kvile, då børa var så tung, fortel Torjus.

ALBUM: Torjus har mange gode minne frå både støylslivet og fisketurar på heia. Han vert noko tagal når han ser på bileta frå tidlegare tider.

Barndommens paradis

I barndommen pla familien å vere på støylen i fem veker fyrst på sommaren før dei reiste vidare til Fidbekk.

– Det var godt gras der inne, og ein trengte knapt gje dei kraftfor. Me hadde åtte kyr som måtte mjølkast og ein ysta mjølka på ein stor omn. Det var også godt fiske om sommaren og hausten, der ein fekk aure på nesten 2 kilo, fortel Torjus.

Eit bilete frå Gullborgstøylen frå 1931. Nokre år før Torjus vart fødd.

Far til Torjus reiste ned til bygda med hest ein gong i løpet av sommaren for å hente mjøl og andre varer dei ikkje hadde på heia.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me åt pannekaker og flatbrød heile sommaren. Me åt ikkje brød, men sodd, legg han til.

Han minnest også gode tider for jakt inne på støylen.

– Far sette rypesnarer i 20 år, og fanga tilsaman 1100 ryper. Det var godt betalt i den tida, og han fekk 10 kroner stykket, seier Torjus.

Det var heller ikkje berre kyr dei hadde på heia om sommaren.

– Før var det til og med grisar med på støylen. Ein gong var det ein gris som berre la seg ned, og ikkje ville vere med vidare. Då me skulle ned og hente han etter resten av buskapen var kome opp, hadde han reist heim att til gards, seier Torjus.

– Kunne floge eit døger

Mange har spurd han om turen etterpå og Torjus kan varmt tilrå ein tur i lufta.

– Det var så behageleg som ein kunne ynskje. Eg kunne floge over støylen i eit døger om eg kunne, seier Torjus.

– Ja, det var ein flott dag, stilt og roleg, legg Knut til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nærmar seg 88 år no Torjus, men minna frå Gullborgstøylen og livet på heia ser han enno tydeleg framom seg.

– Det hadde ikkje forandra seg så mykje. Det var noko meir grodd att, men bua er som ho sto før. Det var stort sett som det var. Eg vart meir rørt av det enn av noko anna. Det var koseleg å sjå ho att, seier han.

– Me lika oss så godt på støylen at det var reine paradis, legg han til.

Knut som til dagleg bur i Kristiansand, er ofte innom Torjus når han fer forbi til hytta på Bjørnevatn.