Anette Hovstad (t.v.) og Cay Normann Hovstad med Stjerne Kos på Forus travbane. Vinnarhesten tok sin 11. siger på V75-løpet i helga. Det betydde også at 3 av 4 hestar frå Setesdal vann sine V75-løp.
Anette Hovstad (t.v.) og Cay Normann Hovstad med Stjerne Kos på Forus travbane. Vinnarhesten tok sin 11. siger på V75-løpet i helga. Det betydde også at 3 av 4 hestar frå Setesdal vann sine V75-løp.

Tråvsuksess på Forus i helga

Setesdølane gjorde nesten reint bord på V75-løpet på Forus travbane i helga. 3 av 4 hestar frå Setesdal vann sine løp, og av desse imponerte Stjerne Kos stort med sin 11. siger. Tråvhesten til Cay Normann Hovstad frå Grendi har blitt ein vinnarmaskin etter å ha innkassert heile 8 sigrar i år.

Saman med dei andre hestane frå Setesdal som stilte på Forus denne laurdagen vart det nesten gjort reint bord.

Tre av dei vann sine løp. I 4. løp kom altså Cay Norman Hovstad sin Stjerne Kos for fullt og tok sin 11. siger med kilometer tida 1.26,9 med Tom Erik Solberg som kusk. Premiesummen var 40.000 kroner. Dette var Gullsmed Otterens løp, gullsmeden som på 80-talet hadde eigen verkstad i det som i dag er grendehus i Åraksbø i Bygland. Sigeren var 5-årige Stjerne Kos sin 8. berre i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Rosten til topps

Loveyou Hangover som er oppstalla og trent av Lage og May Britt Rosten på Evje, gjekk også til topps under V75-løpa ved Stavanger denne laurdagen. Det var i det prestisjetunge ”Jærløpet”.Hesten vann på imponerande 1.15,7, og dermed sikra kusk Dag Sveinung Dalen premien på 40.000 kroner. Dette var vallaken sin sjuande siger i år.

Røyrås-hesten

Også Vestpol Kongen med kusk Øystein Tjomsland, som har hesten i trening, vann sitt løp på kilometertida 1.27,4. Dette var hesten sin fjerde triumf i år. Eigar er Rune Røyrås på Moisund, som altså gjorde suksessen komplett for setesdalshestane på Forus travbane i helga.

Om ”halve Stavanger” var på Ullevål stadion i helga for å sjå Viking sitt fotballag bli cupmeister, var det god stemning også på Forus der hesteigarar og trenarar frå Setesdal triumferte.