Eit kobbel av profesjonelle syklistar frå Noreg og Europa er venta gjennom Setesdal førstkomande fredag. Då treng lokale idrettslag fleire frivillige til løypevakter.

Treng løypevakter til sykkelløp fredag 27. mai

Setesdal får i år 4.etappen av sykkelrittet Tour of Norway som startar i Bergen i dag. Fredag går etappen gjennom Setesdal frå Hovden til Kristiansand.

Den norske superstjerna, Alexander Kristoff, deltar også i år. Kri-stoff har tidlegere vunne Flandern Rundt, Milano-Sanremo og fire etappar i Tour de France. Hans lojale lagkamerat og landsmann, Sven Erik Bystrøm, blir med han for å vinne etappe i Tour of Norway for deira nye lag, Intermarché - Wanty - Gobert Matériaux.

Idrettslaga frå Hovden til Evje har teke på seg å stille vakter i utkøyringar til RV 9.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Ein treng eit stort antal vakter og slit med å få mange nok. Det er for eksempel planlagt 36 vakter mellom Hovden og Bjørnarå, seier Olav Mandt i Bykle IL.

340 vakter

På heile strekninga frå Hovden til Kristiansand trengst det 340 løypevakter, og arrangøren er i beit. Denne fredagen er langfri for nokon og arbeidsdag for andre.

-Difor har dei lokale arrangørane slite med å skaffe seg nok vakter, fortel Olav Mandt.

Er det nokon som har høve til å vera vakt, ta kontakt med Tony Halsall, Evje tlf 907 81614, Ola Aarsland, Valle tlf 938 95663 eller Olav Mandt, Bykle tlf 901 73940. I Bykle er det i Hovden-området ein manglar vakter. Laga får litt betala for kvar vakt. Dersom andre lag har vakter får desse betalinga.

Entusiasme langs løypa

Både hovudarrangør og lokale hjelparar ynskjer mykje folk og liv langs løypa fredag. Difor blir folk flest oppmoda til å finne seg plass nær riksveg 9 når kobbelet av profesjonelle sykkelryttarar er venta.

Tour of Norway er eit av dei største internasjonale sykkelritta her i landet i år med TV, helikopter og alt som fylgjer med.

Dei reklamerer med «Verdens beste syklister i Verdens vakreste omgivelser». Då seier det seg sjølv at Setesdal verkeleg får vist seg fram. Som den gamle proffsyklisten Dag Otto Lauritzen sa etter å ha sykle frå Kristiansand til Hovden:

-Dette må vere den vakraste sykkelruta ein kan finne her i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Bergen om Hardanger

I dag går etappen Bergen – Voss, i morgon Ulvik – Geilo og på Kristi Himmelfartsdag Gol – Stavsro (ved Gaustatoppen).

Så fredag 27. mai er det klart for 4. etappe Hovden – Kristiansand. Dagen etter går rittet vidare frå Flekkefjord til Sandnes med avslutning sundag 29. mai til Stavanger.

Dette sykkelløpet er ei heftig oppleving med TV, helikopter og alt som fylgjer med.

-Me oppmodar folk om stille langs vegen for å få dette med seg og gjeva liv rundt arrangementet.

Heile løypa er langs RV 9 bortsett frå i Valle der ein køyrer om Homme.

Passeringstider i Setesdal

4. etappe har start på Hovden kl. 12.50 i Skisentervegen ved Fjell-gardstun.

Bykle kyrkjebygd blir passert ca kl 13.20, Valle 14.00, Rysstad 14.20, Ose 14.50, Bygland 15.10 og Evje 15.50. Desse passeringstidene er ut frå snittfart på 50 km/ t. Det kan bli noko avvik frå dette.

Løypevakter

Kvar vakt er på ca 1 time og går ut på å strekkje sperreband over utkøyring frå sideveg litt før ryttarane kjem. Bil med raudt flagg fortel når ein skal sette opp og grønt flagg når ein skal ta ned.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krav for å vere løypevakt er: 18 år, eller 16 år med godkjent trafikalt grunnkurs.

Halvannan times kurs

Ein må også ta kurset «Løypevakt-kurs e-læring» på følgjande link:

https://ekurs.nif.no/course/index.php?categoryid=122

Logg inn med idrettens id (Min Idrett) for å koma i gang.

Det er eit relativt enkelt kurs på 3 leksjoner som tek 1.5 til 2 timar.

RV 9 vil i Bykle vera stengt for all trafikk mot Hovden frå kl 12.00 til ca kl 13.30.

Det same gjeld for nordgåande trafikk til forskjellige tider nedover i dalen. Det er sett opp infoskilt.