Tre faste middagsgjester som likar mattilbodet på Evjeheimens kafeteria. Frå venstre: Arne Tveit, Rolf Frøvik og Arne Evensen. (Foto: Alf Georg Kjetså)

Trivsel i kafèen på Evjeheimen

Kafeteriaen på Evjeheimen opna i oktober att for middagsservering for kven som helst. Frammøtet har ikkje vore like godt som før koronaen, men det har auka på med middagsgjester smått om senn.

For 70 kroner får du ein solid porsjon. For ei kjempestor kompe med mjølk og anna attåt er prisen 40 kroner.

Fleire er faste gjester

Pensjonistar tykkjer mattilbodet er veldig godt, og prisen er svært rimeleg. Fleire av dei er faste gjester, kvardag som helg, og serveringsdamene er blide og hyggelege. Maten blir laga på Evjeheimen sitt kjøkken.

Artikkelen held fram under annonsen.

I.Ø.