-Eg trur at folk flest set pris på sundagsopne butikkar. Difor burde me heller ha meir av dette også i mai og september, meiner kjøpmann Odd Arne Skjeggedal på Evje.

-Ungdommar set pris på søndagsjobb

-Viss ein skal kunne skryte av Evje som handelssenter, burde forretningsdrivande ha lengre opningstid om sommaren når dei har anledning til det, og det kokar av turistar i bygda, seier Odd Arne Skjeggedal på Spar Evje.

Han reagerer på statsråd og KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad sitt lesarinlegg her i avisa tysdag. Der slår Ropstad fast at folkefleirtalet er imot å ha søndagsopne butikkar.

-Det synest eg er merkeleg, for kvar gong eg spør kundane mine om dette, gir dei uttrykk for at dei synest dette er kjempefint. Det gir folk større valgmulighet. Også for turistane trur eg det er fint å kome til ein plass med opne butikkar, ikkje eit handelssenter så avstengt som om det var like etter Svartedauden, seier Odd Arne Skjeggedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samlingsplass om søndagen

-Dessutan er butikken gjerne ein samlingsplass også på søndagen for folk som kanskje elles hadde blitt sitjande og kikke i veggen, legg han til.

-Men det blir unødvendig mange som må jobbe på søndagen viss butikkane er opne?

-Ja, men det har aldri vore noko problem. Det har tvert om vore lett å skaffe folk til å jobbe i den perioden frå mai til august som me i dag har lov til å halde åpent. Eg har rundt 20 på lønningslista, dei fleste skuleungdommar som set pris på å kunne jobbe på søndagen og tene ekstra godt i staden for å ligge heime og sove vekk dagen, seier han.

Enorm sommartrafikk

Årets sommartrafikk har vore enorm på Evje. På Spar Evje er det sett omsetningsrekord i veke etter veke i juli. Odd Arne Skjeggedal trur denne tendensen også er gjeldande for resten av bransjen. SPAR-butikken hadde til saman 3.500 fleire kundar i juni og juli i år enn i fjor.

-Konsekvensen burde bli at politikarane gjorde hastevedtak om å utvide ordninga til også å gjelde mai og september, slik me har søkt om tidlegare, seier Odd Arne Skjeggedal.

-Ei slik utviding ville dreie seg om til saman 9 søndagar eller 72 timar med ekstra søndagsopne butikkar seier han.

Brustad-buer og bensinstasjonar

Han viser til 10 års erfaring med søndagsopne butikkar på Evje om sommaren. Då er det mest ekstrahjelp og sommarvikarar som fyller arbeidstida om sundagen.

-Det dukkar stadig opp nyombygde og situasjonstilpassa Brustad-buer som viser til at søndagen er beste handledagen der. Desse og alle bensinstasjonane ser sjølvsagt verdien av å kunne halde søndagsåpent. Dessutan må ein ikkje gløyme at ordning med søndagsåpne butikkar ikkje er noko som dei einskilde forretningane er pålagde. Det er berre ei mulighet for dei som vil, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

La bransjen styre dette!

-Vil ikkje mange kjenne seg pressa til å måtte følgje med viss det blir opna for meir søndagsopne butikkar?

-Nei, eg trur dette vil regulere seg sjølv viss bransjen får mulighet til å styre det. Kjøpesentra med mange ulike butikkar er eit godt døme. Der er det som regel aldri søndagsopne butikkar fordi det er delte meiningar i bransjen. Då held ein søndagsstengt av omsyn til fellsskapet i kjøpesenteret, seier han.

Odd Arne Skjeggedal meiner også at trafikken vil regulere opningstida. Sjølv har han i sommar hatt butikken open til kl. 23 om kvelden, men vil gå tilbake til stenging kl. 22 i vinterhalvåret.

-Det seier seg også sjølv at me ikkje vil ha open butikk på verken 1. mai eller 17. mai, seier han.