Geir Uppstad i Uppstad VVS i Hylestad har hatt ein eventyrleg utvikling i verksemda si. No skal han byggje hyttebutikk på Rysstadmo med planlagt opning til hausten.

Uppstad VVS satsar: Byggjer hyttebutikk på Rysstad

Uppstad VVS på Rysstadmo satsar vidare. No skal verksemda byggje hyttebutikk. Geir Uppstad satsar no kring 2 mill. på prosjektet.

I løpet av få år har Uppstad VVS auka omsetninga frå 1.5 til over 12 mill. i året. Det som tok til som ein røyrleggjar med ein hjelpar er i dag ei verksemd med seks røyrleggjarar og dessutan kontorpersonell, og eiga avdeling på Hovden med stadig pågang av nye kundar.

– Det tykkjest stadig auke på, og det er jo ikkje rart. Aktiviteten både i Brokke og på Hovden tar jo aldri slutt, smiler Geir, som no altså vil satse vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hyttebutikk til hausten

I tilknytning til hovudbasen på Rysstadmo skal no Uppstad VVS altså byggje hyttebutikk.

– Mykje av det me har av oppdrag kjem i samband med hytter, og dei fleste veit at hytteområdet er vekstområdet framom noko i indre Agder. Då er det ein fordel å ha litt meir lokalt med tanke på både produktar og ikkje minst utstilling og lagerplass retta inn mot hyttemarknaden som er så viktig. Målet er at i løpet av hausten i år står det ein butikk på om lag 70 kvm klar, seier Uppstad.

Rusta til vidare auke

Verksemda treng også meir lagerplass, og utvidar den delen av bygningsmassen på Rysstadmo med 115 kvm. Totalkostnadene på prosjektet kan bli opp mot 2 mill. kr.

– Satsinga no gjer oss endå betre rusta til å handtere vidare auke, og utsiktene ser ljose ut. Så står me på for at kundane skal få det dei vil ha, og er så fleksible som me kan, seier Geir Uppstad i Uppstad VVS AS.