Dette er Byglandsfjorden ein ettermiddag i januarsol for nokre dagar sidan. (Foto: Sigrid Åsen Haugsgjerd)

Vakkert langs fjorden

Det er mange som pendlar både ut og inn av Bygland. Spørsmålet er berre om desse folka har den vakraste arbeidsvegen i landet? Det er mykje vakker natur i Noreg, så det er mangt å konkurrere med. Den blikkstille Byglandsfjorden i låg januarsol er det likevel ikkje mykje som kan måle seg med.

Biletet ovanfor vart teke sist fredag ettermiddag, midt i hardaste Hovden-trafikken oppover. Det vakre fjordlandskapet i ein litt unormal vintersesong utan skeise-is på fjorden, men med fargespel som må imponere også travle kristiansandarar på veg oppover dalen.

Folks utvida fritid har med åra ført til at trafikken av folk på veg til Hovden og Brokke no er nesten like stor på torsdagen som fredagen. Då er det godt å ha noko vakkert å kvile auga på.