Det nye kultursenteret i Valle skal stå klart i 2026. Illustrasjon: Trollvegg Arkitektur

Valle kultursenter ut på anbod

Nye Valle kultursenter med eit budsjett på 74 mill. kr. er lagt ut på anbod.

Det nye kultursenteret blir på om lag 1800 kvm. Aktivitetssalen skal vere 350 kvm, med mobil amfitribune og plass til folk på golvet. På tribunen skal det vere plass til 140 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 250 personar.

Ungdomsklubben får eige lokale på om lag 150 kvm. Det kjem også nye garderobar til symjehallen, nytt kjøkken, nytt varmeanlegg for kultursenter og skule, og sjølve symjehallen skal også rustast opp. Det er eit eige prosjekt budsjettert med 5 mill. kr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Byggjestart er estimert på seinhausten, og kultursenteret vil etter planen stå ferdig på nyåret i 2026. Anbodsfristen er sett til 20. juni.