Valle Radio har 25-årsjubileum for radiobasaren i påska. Sendingane er også i år skjærtorsdag og 1. påskedag. (Foto: Valle Radio)

Valle Radio med kjempebasar

Dei vil helst ikkje endre så mykje på suksessoppskrifta, entusiastane i Valle Radio som også denne påska inviterer fastbuande og hyttefolk til lange nærradiosendingar både skjærtorsdag og 1. påskedag, begge kveldane frå kl. 19. Der byr dei på variert underhaldning og framfor alt ein gigantisk basar som kan sikre radiodrifta for eit heilt år framover.

– Radiobasaren har me halde på med sidan 1998, så i år har me 25-årsjubileum for desse sendingane, fortel redaktør Ørnulf Hasla.

Han legg ikkje skjul på at det er inntekta som radioen får på skjærtorsdag og 1.påskedag dei baserer heile drifta på året igjennom. Basaren som ikkje minst hyttefolket har vore flinke til å kaste seg på, gav i fjor inntekt på 280.000 kr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det trengst då også fordi dei faste kostnadene har auka mykje år for år. Valle Radio har som andre fått kraftig auke i straumkostnadene, men har også husleige, Tono-avgifter og honorar til Grammo for musikken dei bruker. Det er alt saman økonomisk belastande for ein liten aktør som Valle Radio.

Gevinstar for 100.000 kr.

Men lokalt næringsliv stiller opp som aldri før. Valle Radio er stadig like populær, og i år har ein samla inn gevinstar for langt over 100.000 kroner frå næringslivet i Setesdal.

Hovudgevinsten i år er ferdig montert varmepumpe, om du bur på strekninga frå Kristiansand til Hovden.

– Denne blir montert utan kostnader, men trekningslista er lang, med alle gevinstar som Valle radio har fått som gåver, fortel Ørnulf Hasla.

Radiofolka er takksame for den store gjevargleda som dei ser år etter år, og som altså gjev grunnlag for dette store påskelotteriet.

Innringingskveldar

I tillegg til mange lødige programinnslag, intervju og forbrukarjournalistikk av beste merke om alt som kan gå godt eller gale i påskefjellet, blir det også to intense innringarkveldar. Teamet bak Valle Radio er konsentrert til fingerspissane og meir enn klokkeklare for å ta imot telefonar frå ulike høgder over havet. Det er berre å ringe anten du vil kjøpe lodd eller sende helsingar og elles slå av ein prat ”på lufta”.

Det er mykje som kan bli god underhaldning slike kveldar, og nærradioen sveisar bymann og bonde saman på ein imponerande måte.

Stab på 32 personar

Valle radio vart etablert i 1997. Lokalradioen for øvre Setesdal er ein friviljug driven radio, med 32 personar som er med på å få radioen på lufta, 15 under påskesendingane, alle utan noko form for løn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Radioen rår over eige sendarnett på FM, og sender også på internett der dei faktisk når flest lyarar.

Valle Radio er for alle som har ein link inn i Setesdal, fastbuande, utflytte med familieband eller hyttefolk. Nyt påskeradioen!