Arkeolog Ingvild Solberg Andreassen fortalde med både alvor og humor både ved Hanehaug og ei av dei utgravne gravene ute på neset. Foto: Vidar Toreid

Vevnad viktigare enn våpen i vikingtida?

Setesdal sogelag innbaud nyleg til sogevandring kring dei mange vikinggravene og gravhaugane på Nese i Bygland.

Nærare tretti frammøtte fekk mykje interessant lærdom då arkeolog Ingvild Solberg Andreassen fortalde om funna på Nese, ikkje minst om vevnad og smykke frå ”prinsessegrava”. Veving var eit høgt utvikla handverk som var livsviktig både for å lage klede til folk og segl på vikingskipa. Dette var noko av bakgrunnen for kvinnene si sterke stilling i vikingsamfunnet.

Med utgangspunkt i Hanehaug og Kyrehaug og dei andre gravhaugane utan namn fortalde ho om gravskikkar og trua som skikkane bygde på. Ho meinte det ikkje var aktuelt med meir utgraving. Det kom mange spørsmål og innspel frå lokalkjende tilhøyrarar. Grunneigar Salve Greibrokk spurde om ein ikkje kunne få viktige opplysningar ved bruk av til dømes georadar, noko talaren støtta opp om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter vandringa var det kultursti med 12 spørsmål om vikingtida i Setesdal og Noreg. Til slutt var alle innbedne til kaffirøe nord på hotellet etter å ha passert Stemsbekk der gullfunnet vart gjort i 1833. Gullet derifrå var stilt ut i bankvelvet på Bygland for to år sidan.

Sogevandringa no var ei god opptakt til den nye utstillinga av vikingfunn, med mange gjenstandar både frå ”prinsessegrava” på Nese og ei vikinggrav på Frøysnes.

Opninga er utsett til seinare i haust, og utstillinga er meint å vare til over sommaren 2025.

Vidar Toreid