Dei som takka av i kommunevalet i Iveland ved valet denne gongen, vart hylla med gode ord og kvar sitt krystallfat. Frå venstre Odd Håvard Dahle, Brynjulf Aagesen, Øyvind Skaiaa, Svein Hillestad, May Britt Topland, Karl Inge Grosås Thomassen, Kari Bergskås, John Øina og  Audhild Bærheim.

Alle desse gjekk frivillig!

-De har alle saman gått ut av kommunestyret etter eige ønske. Det er den beste utgangen ein kan få som folkevald, sa ordførar Gro-Anita Mykjåland, SP då ho takka 11 av 17 politikarkollegaer i Iveland som no gav seg i politikken. Dei har ulik fartstid, men vart hylla med gode ord, krystallfat og flott festmiddag der folkeleg humor dominerte.

Svein Hillestad stilte i eigen klasse med ”Kongens tale” som eit av kveldens høgdepunkt, pepra med nasjonale og lokale nålestikk. Avtroppande varaordførar Sig-Tove Aasen var heller ikkje vekke då ho både framførte eiga vise til ordførar Gro-Anita. Songen var på tonen til Håvard Hedde og heller ikkje teksten var så langt derifrå. Men i Iveland kunne ein altså ikkje som i visa garantere at ”eg svik deg aldri hell”. Sig-Tove har kome i opposisjon etter 8 års tett samarbeid med Gro-Anita og kvitterte med bokgåve til rådmannen. Tittelen var ”I tilfelle dommedag. Enkel beredskap.” 

Kompass til ordføraren

Brynjulf Aagesen fekk boka ”Jeg ga Ole Gunnar Solskjær Mg i kristendom”, og ordførar Gro-Anita fekk kompass. Bakgrunnen der var dei mange planmøta der det viser seg at ordføraren som regel ikkje veit skilnad på nord og sør.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Ho he heller ikkje peiling på politiske retningar og ser ikkje forskjell på Høgre og Venstre, og slett ikkje på himmelretningane. Men jorda gjenge rundt, det er det som er så tusteleg, sa Sig-Tove då Gro-Anita ikkje heilt tyktest forstå korleis ho skulle bruke kompasset.

Talar og tåkefyrste

Det politiske samarbeidet mellom ordførar og varaordførar var kåring av den ypperste i ei rekke prestasjonsgreiner i kommunestyret. Venstres Odd Håvard Dahle vart kåra til ”Periodens vingle-Petter”, mens May Britt Topland, som no har flytta ut av kommunen, fekk medalje som ”Periodens tåkefyrste”. Øyvind Skaia var ”Periodens veteran”, og Øystein Kydland vart heidra som ”Beste talar”.

-Det er ikkje alltid at ein god tale treng å vere så lang, sa ordføraren under overrekkinga. Ikkje uventa blei Svein Hillestad premiert for ”Periodens gullkorn”, mens varaordføraren hylla ordføraren med den ikkje direkte skjemmande tittelen ”Periodens solstråle”.

Nyslått ordførar i Birkenes, Gyro Heia, SP (t.v.) har hatt Iveland-ordførar Gro-Anita Mykjåland, SP som førebilete og vart hylla med ordførarklubbe med godteri på avslutningsmiddagen for det avtroppande kommunestyret i Iveland. Gyro har permisjon frå leiarstilling i Iveland kommune for å vere ordførar i nabokommunen dei neste fire åra.

Svein Hillestad framførte ”Kongens tale” under festmiddagen for det avtroppande kommunestyret. Han gjorde det på imponerande vis med rikeleg av humoristiske formuleringar med ein viss snert.
Svein Hillestad framførte ”Kongens tale” under festmiddagen for det avtroppande kommunestyret. Han gjorde det på imponerande vis med rikeleg av humoristiske formuleringar med ein viss snert.

Gullmyntar til dei tilsette

Til administrasjonen vanka det også godord og endåtil gullmyntar i sjokolade.

-Eg har tru på tankens kraft og vil be dykk innstendig om å legge gullmynten på nattbordet. Kvar morgon kan de då stå opp, kaste eit blikk på gullmynten og tenke at Iveland kommune har god økonomi, sa ordføraren.

Rådmann Stein Reisænen la likevel til at det er investert 100 mill. kroner i siste fireårsperioden, men Iveland har mindre gjeld enn for fire år sidan og meir pengar på fond.