Gunnar Dyrland (t.v.) og Halvor Rike plasserte ut dei nye benkane som Andreas Irslinger har laga. Benkane kan bli til glede for mange, både dei som er med på Hjertetrimmen, men også dei mange som brukar dei mange turløypene på Evje flittig.

Flotte kvilebenkar som lettar turen

Frivilligsentralen på Evje har sett ut flotte trebenkar som legg til rette for Hjertetrimmen. Dei er plasserte i lysløypa ved Evje stadion, ved stien til Furuly og i skogen bak Hornnesheimen.

Det ein kallar for Hjertetrim er trim i lett motbakke kor ein pressar seg og kjenner at hjarta jobbar før ein kjenner på ei god meistringskjensle over å klare det. Frivilligsentralen arrangerer Hjertetrim kvar veke med rundar på 500 meter, 1 km og 2 km saman med følgjepersonar. Desse har erfaring med sjukdomsbiletet, og det gjer turen tryggare for dei som er med og går. 

Til glede for mange

Benkane blir eit flott tilskot til desse turane, og vil kanskje gjere at ein pause på benken fører til at ein kan gå litt lenger. Men Frivillingsentralen håper også at benkane blir til glede for andre som nyttar seg av turområda dei no er plasserte i. Her kan ein ta ein pust i bakken, eller nyte ein kaffi og naturen rundt.