Knut H. Rysstad (t.h.) i Rysstad Laftebygg AS fekk Målprisen 2018 av Aust-Agder mållag under avslutninga på kulturveka i Valle sundag. Utdelar var Jan Kløvstad.
Knut H. Rysstad (t.h.) i Rysstad Laftebygg AS fekk Målprisen 2018 av Aust-Agder mållag under avslutninga på kulturveka i Valle sundag. Utdelar var Jan Kløvstad.

Målpris til laftar på Rysstad

Mållaga på Agder deler år om anna ut ein nynorsk næringslivspris til eit firma som nyttar nynorsk i marknadsføringa av produktet sitt. Næringslivsprisen 2018, ein gåvesjekk på 10.000 kr og diplom, gjekk til Rysstad Laftebygg AS ved Knut H. Rysstad.

Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til nynorsk i næringslivet. Knut H. Rysstad er eigar og dagleg leiar av firmaet som lev av å levere laftebygg.

Firmaet har markert seg med solid kvalitet på den tradisjonsrike byggjemåten. Men dei byggjer òg hytter med vanleg reisverk. Og har eige sagbruk, så dei har kontroll på materialane frå fyrst til sist. Så tilbyr dei tomter, transport, graving, snømåking, vedlevering, reinhald, vedlikehald mm.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg driv dei ein modellverkstad i Valle som leverer hagemøblar, gapahukar, små hytter/anneks, badestampar og sledekasse til snøskutar, for å nemne noko.

Nynorsk i alle ledd

Sist, men ikkje minst, har Rysstad Laftebygg AS gjennomført nynorsk i alle ledd. Stikk du innom firmaet på Rysstadmoen, så får du høyre kav setesdølsk av karane der. Treff du på dei på stand på Evjemoen, så er det reklameplakatar og brosjyrar på nynorsk du får auge på. På heimesida likeså.

– Rysstad Laftebygg AS er etter vår meining ein svært allsidig og verdig vinnar av næringslivsprisen, sa Jan Kløvstad, som delte ut prisen på folkeakademiet sin Vinjejubileumskveld i kulturbygget Sæbyggjen i Valle sundag kveld.

Overraska og glad

Hovudpersonen sjølv, Knut H. Rysstad, var særs overraska og glad over å få prisen, og presiserte at kontordama Åse Ingebjørg Flateland skulle ha sin del av heideren.

Firmaet har han drive sidan 1994, fyrst i lag med faren, sidan åleine frå 2000. Han fortel at han har vore medvite nynorskbrukar heilt sidan han var liten, og minnest at han var den einaste i sitt kompani i militæret med nynorsk. «Eg legg alli om, då drit eg heller i om dei ikkje forstår meg» seier han karsleg, men legg til at han kanskje byter ut nokre ord med andre dialektord, men altså ikkje knoting eller bokmål.

- Kvifor er du så oppteken av språket?

«Det har med identiteten å gjere; eg passar på språket mitt», seier han kontant – men må medgje at dei yngste snikkarane i firmaet ikkje alltid forstår ord og uttrykk som dei eldre seier. Og avslører at det verste han veit, er viss eit stev vert attgjeve feil. «Eg er min eigen mållagsmann», konkluderer han, og ler.

Han gjev eit klårt råd: «Me må jobbe meir med ungdom og ungar heilt ned i barnehagealder. Å lære gamle ord og uttrykk er heilt utruleg viktig for identiteten».

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva skal du nytte prisen til?

«Det hev eg ikkje rokke å tenkje på, men kan hende eg skal utstaffere ein bil til med stev. Eg har pla bruke Tor Moseid på Sandnes som reklamemann, for han er òg nynorskmanne», avsluttar Rysstad.