Dagleg leiar i ANS Byglandsfjord Sag, Per Arne Teslo, vart tilsett i sommar. Han er usikker på resultatet i år.
Dagleg leiar i ANS Byglandsfjord Sag, Per Arne Teslo, vart tilsett i sommar. Han er usikker på resultatet i år.

Million-underskot på saga i fleire år

I 2016 hadde ANS Byglandsfjord Sag eit underskot på 3,2 mill. kr. I fjor var underskotet 4,6 mill. kr. – Eg vågar ikkje å love overskot i år heller, seier dagleg leiar Per Arne Teslo. Han vart tilsett i verksemda i juni.

Teslo kom frå ei stilling som prosjektleiar ved Falconbrigde i Kristiansand til hjørnesteinsbedrifta på Byglandsfjord. Han er busett i Vennesla, og dagpendlar til Setesdal.

– Ein skal ikkje lenger tilbake i tid enn til 2015 før verksemda hadde overskot, så me må ha tru på at me kan snu trenden. Utviklinga i år har ikkje vore så verst, men om det er nok til å kome over streken veit eg ikkje enno, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pressa prisar

Tilgangen på tømmer har vore god, og prisane stabile. Det er heller presset på prisane knytta til ferdigprodukt, byggematerialar, som har skapt utfordringar.

– Det er slett ikkje bare me som har merka dette. Det er ein tøff marknad, og me har blitt noko hengande etter. Så er det teke fleire grep med tanke på maskinpark og arbeidsstokk, så me sit i alle fall ikkje stille og håpar alt snur av seg sjølv, slår Teslo fast.

Det er i dag tilsett 24 årsverk ved saga.

Salssida

Det er på salssida, etter at produktet er klart og skal vidare til sluttkunden, at marknaden er tøffast.

– Me må bare halde fram med å levere produkt av topp kvalitet, så har me alle trua på at resultatet blir betre. Det finst ingen quick-fix, målretta arbeid over tid er nøkkelen. No har me eit anlegg med auka kapasitet, det bør gje nok industrielle musklar til å levere på eit greitt nivå, meiner dagleg leiar i ANS Byglandsfjord Sag, Per Arne Teslo.