Gunnar Gakkestad og Hallvard Nessa (t.h.) stoppa ved matstasjonen under Valle Skyrace der Malin Johansen stilte med proviant.

Dei seigaste si store styrkeprøve

Valle Skyrace vart arrangert for aller fyrste gong i helga. Ei styrkeprøve av dei sjeldne på 45 km i bratt terreng og 2700 høgdemeter opp og ned fjelltoppane rundt Valle. – Me er strålande fornøgd med arrangementet, og er klare for nytt løp neste år, seier Solveig Kyrvestad i Valle IL.

Utanfor grendehuset i Tveitebø i Valle stod frivillige frå idrettslaget med drikkestasjon, og bygdefolk hadde møtt opp for å heie fram løparane på den lengste løypa under Valle Skyrace. Der fekk dei eit siste heiarop og litt etterlengta næring før den siste av tre stigningar i det krevjande løpet.

Ikkje alle tok seg tid til å stoppe før siste stigning. Med seg på turen fekk deltakarane likevel heiarop og god stemning frå entusiastiske valldøler.

– Eg kjenner det litt i beina, men det går bra, sa Hallvard Nessa frå Otra IL som kom springande saman med Bjørgulv Bjørnarå frå Bykle IL og Gunnar Gakkestad frå Otra IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dei kom til Tveitebø hadde dei gjennomført dei to tøffaste toppane.

Har de trent spesielt til dette?

– Absolutt ikkje, svarte ein smilande Gunnar Gakkestad som fekk heiarop frå både born og kone som hadde møtt opp.

Ingebjørg Solbakk (t.v.), Malin Johansen og Margrethe Mosdøl var saman med 40 andre frivillige i sving for å arrangere fjelløpet i Valle.

Blant dei oppmøtte var også Marit Grindheim frå Otra IL, som gjennomførte den korte løypa på 12 km.

– Eg ville springe den mens eg ventar på han som spring den lange, sa Grindheim som hadde sekken klar med litt påfyll til sonen, Einar. Etter ei stund kom han i godt driv til matstasjonen.

– Eg trur ikkje eg orkar smile på bilete, sa Einar - med eit smil - før han etter ein kort rast var i gang opp bakkane frå Tveitebø.

Einar Grindheim innom ein av matstasjonane under løpet. Mor Marit gav oppmuntrande ord før siste del av løpet. Ho hadde sjølv unnagjort den korte løypa.

Ein av funksjonærane som heldt kontroll på nye løparar til matstasjonen, Margrethe Mosdøl, fortalde om overveldande engasjement før løpet.

– Det vart ein skikkeleg boom av påmeldingar. Nesten 70 deltakarar første gongen me arrangerer dette er me kjempefornøgde med, sa Mosdøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trine Holmer-Hoven frå Lillesand (f.v.) og Liv Rike frå Valle fekk med seg 700 høgdemeter i 12 km-løypa før målgang i Valle sentrum. - Det var litt gjørmete og glatt, men ein spring i eit fint terreng og med flott utsikt, sa Liv Rike.

Ho fortalde også at det har vore eit stort engasjement blant frivillige i idrettslaget, både med tilrigging, som funksjonærar i løypa og med andre arbeidsoppgåver knytt til løpet. Over 40 frivillige frå Valle gjorde ein innsats under Valle Skyrace.

– Ja, folk stiller veldig opp. Det er så moro når det skjer noko, sa Elisabeth Bjørnarå Spockeli.

Ho stod bak både design og trykk av t-skjortene i forkant av løpet, og kunne også stille seg øvst på pallen blant kvinnene som deltok i 12 km-løypa. Blant mennene var det Rolf Einar Lunde som var raskast.

I midten står Elisabeth Bjørnarå Spockeli, Bykle IL, som tok 1. plassen i kort løype. Barbara Boekhoudt (t.v.), Valle IL, og Anna Hauan, Otra IL tok 2. og 3. plass. Leiar i Valle IL, Solveig Kyrvestad til høgre. Foto: Bjørg Åkre
Rolf Einar Lunde frå Kristiansand Løpeklubb trona øvst på pallen etter 12 km. Til venstre Jon Atle Helle frå Valle IL og til høgre Eivind André Moe. Foto: Bjørg Åkre

Utfordrande vêr og terreng

I målområdet i Valle sentrum sat Solveig Kyrvestad, Jon-Olav Rysstad og Sverre Rinden i sekretariatet. Dei hadde full hyre med å halde kontroll på 65 deltakarar fordelt på kort og lang løype, og funksjonærane på ulike postar undervegs som sytte for eit trygt løp i fjellet.

Solveig Kyrvestad og Jon-Olav Rysstad i Valle IL var godt fornøgd med responsen på aller første Valle Skyrace.

– Det vart utover dagen utfordrande for løparane i løypa. Dei fekk ein vindfull, tåkete og regnfull tur. Men med god merking av løypa og seks matstasjonar undervegs, med mat og drikke og musikk for ein kvar smak, vart dei likevel godt tatt vare på, seier leiar i Valle IL, Solveig Kyrvestad.

Deltakarane i Valle Skyrace fekk bryne seg på 2700 høgdemeter gjennom den 45 kilometer lange løypa. Foto: Bjørg Åkre

Løpet starta med fellesstart frå Valle sentrum og 4 greie kilometer før dei svinga opp fjellsida for 700 høgdemeter på eit par kilometer, ein start som kan ta pusten frå dei fleste. På den lange løypa var dette den første av tre harde stigningar. På dei høgaste toppane på Valefjell og Ljomsnuten var det også funksjonærar som gav drikke, rettleiing og tryggheit for løparane.

Vinnaren av Valle Skyrace 2023 vart Hans Petter Rolke som forserte den utfordrande løypa på 5.08.32. Ingrid Ukkelberg vart suveren dame i den lange løypa på 5.52.16.

– Arrangøren Valle IL som har 100-årsjubileum i år er strålande fornøgd med arrangementet, og er klar for nytt løp neste år, sa Solveig Kyrvestad.

Artikkelen held fram under annonsen.