Samojeden Bamse er meir enn gjerne med matmor på jobb. –Eg trur det gjer at kundane spør meir om råd, når dei får høyre at eg har dyr sjølv og kan prøve ut mange av produkta, seier Silje.

Fire hundar, tre kattar og ein dyrebutikk

– Eg får veldig mange spørsmål, spesielt når kundane får høyre at eg har fire hundar og tre kattar sjølv, seier Silje Sløgedal Eikås på Setesdal Dyresenter.

Det er god plass både i butikken og på parkeringsplassen, noko Silje Sløgedal Eikås trur kundane på Setesdal Dyresenter set pris på.

– Men det er nok også ein del som ikkje berre stikk innom oss sidan me ligg her lengst nede på Verks-moen, seier Silje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyrebutikken opplevde likevel ein knallsommar, langt betre enn venta.

Veldig mange hyttefolk, campingfolk, forbireisande turistar og bygdefolk var innom i løpet av sommarmånadane.

Sommaren gjekk over all forventning, og både turistar og lokale brukte Setesdal Dyresenter på Verksmoen flittig.

Mange ”kattefolk”

– Eg har også merka det siste halvåret at det er veldig mange fleire kattefolk på Evje enn me trudde. Så det har blitt ein del meir til katt her, seier Silje Sløgedal Eikås.

Ho viser inn på eit av romma i butikken der det er både leikar, utstyr og mat til kattar.

– Elles går det veldig mykje snacks til hund. Det blir nok brukt både etter

at hunden har ete maten sin, men også som ein godbit for dei som driv med agility, seier Silje.

Ho viser fram hunde-isen som vart svært populær i sommarvarmen.

– Hundane blir rolegare av å slikke på noko, og så kjøler det ned i varmen med frozen yoghurt, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar gjekk det mykje hundeis i varmen. – Det er faktisk veldig bra for hunden, han får kjølt seg ned og så er det beroligande å slikke på noko, seier Eikås.

Hundane er med på jobb

Sjølv har Silje tre kattar og fire hundar. Samojeden Bamse blir gjerne med på jobb, og veldig populært er det om matmor svingar innom snackbordet med han.

– Eg får veldig mange spørsmål frå kundane, og sjølv om eg ikkje kan svare på alt, så kan eg svare på mykje. Eg trur det gjer at kundane spør meir når dei får høyre at eg har fire hundar og tre kattar, seier ho.

Silje fortel også at Setesdal Dyre-senter snart blir Evje Dyrebutikk. Namnet tenker ho gir ei betre skildring av kva det er ho driv med lengst sør på Verksmoen.

– Det kan også vere at eg må få inn meir hjelp, sidan det kan bli litt mykje åleine, men enn så lenge går det greit, seier ho.

– Lokale folk er veldig flinke til å kjøpe snacks til dyra sine, så det går det mykje av, seier Silje. Alaska Huskyen Nala tar i mot godbit.