Ze Hong Chen og Huihong Huang Chen har servert sine siste middagar på Dragon Inn restaurant på Evje. Dei får ikkje fornya leigekontrakten, og i slutten av månaden skal dei vere ute av lokala på Verksmoen.

Legg ned kinarestauranten på Evje

Kinarestauranten Dragon Inn på Evje skal stenge. – Nå prøver eg å finne meg ein annan jobb, seier Ze Hong Chen som saman med kona Huihong Huang Chen har drive restauranten i snart 29 år.

Det har vore vanskeleg å drive kinarestaurant på Evje dei siste åra. Under pandemien tok take away-salet seg opp, men det har vore mykje strev å halde liv i familiebedrifta etter at samfunnet kom meir tilbake til normalen.

Talet på besøkande har gått ned i år samanlikna med i fjor, og dei høge straumprisane har heller ikkje gjort det lettare å drive restaurant.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir litt rart å legge ned. Men det har vore vanskeleg å drive restaurant det siste året, fortel Ze Hong Chen på Dragon Inn.

– Me betaler 3-4 gonger meir enn vanleg for straum, seier Ze Hong Chen.

Men årsaka til at dei gir seg akkurat nå er fordi dei ikkje har fått fornya leigekontrakten i bygget på Verksmoen.

– Etter så mange år i bransjen er det eigentleg nok. Å drive restaurant er til tider veldig tungt, så det kan vere greit å gi seg, seier han.

Han har sidan september søkt anna arbeid, og håper å finne noko å gjere som er litt lettare enn å drive restaurant i krevjande tider.

Frå kinarestaurant i Lyngdal

Ekteparet Chen tok over kinarestauranten på Verksmoen i 1993. Før dette hadde Ze Hong arbeidd på kinarestaurant både i Flekkefjord og Lyngdal nokre år. Han var den fyrste av dei to som kom til Noreg frå Sør-Kina, men sidan kom også ho flyttande til Noreg.

I heimlandet var det på denne tida vanskeleg å få seg arbeid, og Ze Hong kjente til fleire som hadde etablert seg i Noreg.

Ze Hong Chen fortel at straumprisane har gjort drifta vanskeleg, men at det også har vore merkbart færre besøkande i år samanlikna med i fjor.

Før Zehong og Huihong Huang kom til Evje, hadde det vore to drivarar av kinarestauranten Dragon Inn. Ze Hong fekk spørsmål om å ta over, og det vart starten på tre tiår med restaurantdrift på Verksmoen, og mangfaldige timar kvar einaste veke for både ekteparet og sidan dei to borna deira som har hjelpt mykje til.

– Dei har lært seg å stå på og arbeide, seier Huihong Huang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Restauranten har vore ein sosial samlingsplass og ein stoppestad både for evjedøler, åsdøler, kristiansandarar og elles andre på utkikk etter mat frå det kinesiske kjøkken.

Men nå skal drageutskjeringane og dei kinesiske dekorasjonane bort frå lokala. Ze Hong og Huihong Huand held i desse dagar på å demontere interiør og flytte alt av møblar ut av lokala for godt.

Ekteparet har servert sine siste pepperbiffar og svin i sursøt saus på Dragon Inn.