Gunn Åsland (t.h.) vart etter sommaren medeigar i Elma. Dei to søstrene driv nå klesbutikken i Evje sentrum som Engesland opna i 2019.

Søstrene driv klesbutikken Elma saman

– Det blir som ein liten fest. Alle er i så godt humør og i handlemodus under slike dagar, seier Elin Engesland på Elma om Heilt Vilt. Nå er dei to søstre som driv klesbutikken i Evje sentrum.

Det har vore mange travle dagar på Elma etter at butikken opna for snart tre år sidan.

– Det har gått mykje betre enn forventa, seier Elin Engesland.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Elma er det i dag to årsverk, fordelte på fem tilsette. Etter sommaren har Engesland fått med seg søstera, Gunn Åsland på eigarsida.

Åsland kjem frå arbeid i barnehage, men hadde god kjennskap til butikken då ho starta etter å ha hjelpt til ved behov.

– Me trivest veldig godt med samarbeidet, seier Engesland.

–Me må vere litt på hugget, ellers er det fort at ein blir gløymt, fortel Elin Engesland. Nyleg hadde Elma barseltreff, og det neste blir herrekveld. I tillegg leverer butikken kvar veke bestilte varer til nærbutikkane på Rysstad, Engesland, Byremo og Eiken.

Konkurranse

Ikkje berre har det vore mange innom klesbutikken dei siste åra, men eigarane har også hatt ei framoverlent haldning og selt mykje gjennom heimlevering og digitale kundekveldar. I dag tilbyr dei levering til lokalbutikkane både på Rysstad, Engesland, Byremo og Eiken. Sist veke inviterte Elma til barseltreff med presentasjon og tilbod på klede berre til målgruppa.

– Eg trur me må gjere slike ting for ikkje å bli gløymt. Det er konkurranse over alt, så sosiale medier har vore viktig for å nå ut til kundane, fortel Engesland.

Mange set pris på å kunne handle rett frå sofaen, noko Elma har tatt omsyn til når dei har satsa mykje på digital handel i tillegg til den tradisjonelle måten å drive butikk i Evje sentrum på.

Klare for handelsdagar

Neste plan er å invitere til herrekveld på Elma, men då trur Engesland ho må lokke med fersk bakst for å få karane ut.

– Mange set pris på den ekstra servicen. På slike kveldar er det berre fokus på det dei er interesserte i, seier Engesland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men først er butikken nå klar for travle dagar under Heilt Vilt på Evje frå i dag og ut helga.

– Det gir ein boost i ei elles stille tid, seier Engesland.