Det er alt ein del leikeapparat på uteområdet ved den nye barneskulen på Evje, men det skal bli betre, lovar rektor Erlend Hunshamar.

– Utforma for å gi betre læring

Den nye Evje barneskule: Med fokus på kva utforming av bygningar kan ha å seie for innhaldet i opplæringa.

For ei tid sidan tok eg kontakt med rektor på Evje barneskule for å bli betre kjend med korleis det står til med nynorsken i kommunen. Det fekk eg greit svar på, samstundes som eg vart invitert til omvisning på den nye skulen. Det hadde eg veldig lyst til!

Erlend Hunshamar, og underteikna, var kollegaer i mange år på Byglandsfjord skule. Visst har eg lese litt i Setesdølen om åpninga av den nye flotte skulen på Evje, men det gjekk mest på entreprisen, kostnader og slike ting.Tanken bak utforminga av skulen var ikkje så mykje omtala.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rett innanfor hovudinngangen var der eit lyst og triveleg ”myldrerom”. Det var utstyrt med møblar som lett kan flyttast, og gje plass for samlingar der alle elevane kan vere til stades samstundes.

Myldrerom

Erlend var stolt over å kunne vise rundt i lokala, og fortalde korleis dei hadde arbeidd i byggekomiteen, og at dei som skulle ha sin arbeidsstad i bygget, fekk vere med, og vart høyrde.

Dette har resultert i eit velfungerande skulebygg som høver til nye pedagogiske tankar.

Rett innanfor hovudinngangen var der eit lyst og triveleg ”myldrerom”. Det var utstyrt med møblar som lett kan flyttast, og gje plass for samlingar der alle elevane kan vere til stades samstundes. Eit stort amfi gjev greie sitjeplassar, og eit stort lerret til audiovisuell undervisning kan senkast ned når ein treng det.

Rektor Erlend Hunshamar var stolt over å kunne vise fram den nye barneskulen på Evje til ein gammal lærar, Inger Juvastøl. Ho vart så begeistra at ho fekk lyst til å jobbe i skulen igjen.

Biblioteket

I nær tilknytning til dette rommet ligg biblioteket, oversiktleg og ryddig. Rett ved inngangen var det plass til ein sekretær som kan hjelpe folk som kjem innom med å finne fram. Det er nok naudsynt, og veldig greit, for her var det ikkje lett å orientere seg med ein gong.

Erlend heldt fram at ein gammaldags skule med lange korridorar ikkje var ynskjeleg. At deira ide om ein inngang til kvart årstrinn vart gjennomført, var dei særs godt nøgde med. Slik vert det mindre skubbing og knuffing når elevane skal ut og inn.

Det blir meir oversikteleg, og lettare for læraren å følgje med.

Romslege og greie garderobar med hyller og knaggar som gjer elevane på kvart klassesteg trygge.

Romsleg garderobe

Elevane kjem inn i ein romsleg garderobe med hyller og knaggar til kvar elev. Der er toalett i tilknytning til garderoben, tre ”vanlege” toalett med handvask. Slik vert det tryggare å gå på do. Ingen som uroar, og det blir mindre mobbing.

Denne ordninga gjer at elevane kjenner seg trygge. At denne utforminga også skulle vise seg å vere svært korona-venleg, var ei svært positiv oppdaging, og rein bonus.

Artikkelen held fram under annonsen.

A- og B-klassen

Evje Barneskule har 7 årstrinn med ein bokmålsklasse og ein nynorskklasse på kvart trinn.

Der er eit fellesområde med amfi, to klasserom og to grupperom til kvart trinn. Slik kan ein samle heile trinnet, både a- og b-klassen, når ein har noko som er felles for begge skriftmåla. Det såg så gildt ut at eg mest kunne ha byrja i skulen igjen!

Eit stort amfi gjev greie sitjeplassar, og eit stort lerret til audiovisuell undervisning kan senkast ned når ein treng det.

Fleirbrukshallen

I samme uteområde er det bygd ein fleibrukshall i tre, med ein handballbane i full størrelse. Han var ikkje berre fin å sjå til, men veldig funksjonell. Ein kan med enkle grep gjere han om til tre mindre salar, så kroppsøvinga har fått svært gode tilhøve.

Denne hallen, og heile skulen, er oppvarma av eit flisfyringsanlegg. Også dette er rektoren svært nøgd med. Her er vi midt i furuskogen, så dette gjev kortreist og fornybar energi! Det er rimelegare og sikrare å ha det på denne måten.

Den gamle gymsalen er blitt rom for SFO’en, og ikkje minst til eit stort musikkrom. Det var ennå ikkje heilt ferdig innreidd, men med ein framifrå vaktmeister på laget, skal alt snart vere på plass.

Uterommet er ennå ikkje ferdig, men dei har fått så mykje meir plass. Det er alt ein del leikeapparat på plass ute, men det skal bli betre. Pengane til å gjere ferdig skuleplassen kjem til neste år.

Takk for omvisinga, og lukke til vidare! Eg blir litt stolt av kommunen vår for deira satsing på barn og unge.

Inger Juvastøl