Svenn Olav Skjeggedal (t.v.) og Steffen Mjaaland ved tippedisken i Sparbutikken. Steffen Mjaaland fekk pokal og fin ryggsekk som teikn på at han er ein verdig vinnar av tippetevlinga som Norsk Tipping og Svenn Olav Skjeggedal har arrangert i 2021. Mjaaland har vore med i tidlegare tippetevlingar. Eitt år var han jamgod med vinnaren, Knut Karlsen som blei trekt ut som vinnar. Han bur i Mykland og er pensjonist, men har i sitt yrkesliv vore lastebilkøyrar i 45 år. Han seier seg glad for kongetittelen, og den fine ryggsekken som hanvil bruke på molteturane i år. Han legg til at det finst ikkje molter i Mykland så dei lyt han finne på Bjørgumheia der han og kona har hytte.

Myklendingen Steffen Mjaaland tippekonge 2021

Hei! Du må ha et aktivt abonnement for å lese videre. Kjøp digital tilgang her