Otra IL sitt lag i 6. divisjon speler mot Tigerberget 2 på EHbanen på Evje torsdag kl. 20.10. Dei håper at folk stiller opp på årets siste, men spennande kamp. (Foto: Privat)

Siste kveld med gjengen

Skuddfoten er stilt inn! Torsdag kl. 20.10 på EHbanen speler Otra sitt lag i 6. divisjon sesongens siste kamp. Det er mot Tigerberget 2.

Laget frå Kristiansand er nr. 2 på tabellen, medan Otra held 4. plassen med berre 3 poeng bak. Ein seier her vil føre laget opp på minst 3. plass. Så denne kvelden er det masse å spele for! Det er også siste gong årets trenarar Eirik Odde, Alex Gavoura og Jon Gunnar Kjetså leiar laget. Dei overlet nå seniorlaget til nye krefter. Det blir difor ein ekstra god grunn til å kome bortom EHbanen for å vere med og takke trenarteamet og gutane på laget for ein vel gjennomført sesong. Vaffelbua er også open for kvelden, så dei som møter opp kan varme seg med ein kaffikopp og ein fortreffeleg vaffel i pausen om det trengst.

Laget, trenarteamet og elles andre interesserte håper at mange tar turen og støttar opp om gutane og det trufaste trenarteamet i årets siste match.