Laget med spelarar frå Valle IL og Otra IL som vann serien i jenter 15. Framme frå venstre: Ingrid Bø, Mathilde K Langeid, Merdy B Hlawnceu, Siripatsorn Yusawat, Alicia Abramiuk og Malin Tønnesøl. Bak frå venstre: Anne Dyrland, Nora Besteland, Una Verpe Dale, Hege Viki, Ina Bjorå, Synnøve Homme, Emilie Lien og trenar Kristine Kleiveland. (Foto: Margit Dale)

Valle/Otra-samarbeid gav seriesiger

Valle IL og Otra IL samarbeider om Jenter 15 i fotball. Det må ein seie er eit vellukka prosjekt, i år vann gjengen like godt serien!

–Alle spelarane er i alderen 13-15 år. Me er sers nøgde med dette samarbeidet, seier trenar for laget, Kristine Kleiveland.

Entusiastisk som få er ho nok ikkje mindre mota på vidare innsats etter sigeren i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser alt fram til seriespel neste sesong, slår ho fast.

Eit knippe av Valle IL/Otra IL-laget med jakkene Valle IL og Valle Sparebank sponsa. Frå venstre: Anja Mosdøl, Ingrid Bø, Mathilde K Langeid, Hege Viki, Merdy B Hlawnceu og Nora Besteland. (Foto: Kristine Kleiveland)

2,6 mål per kamp!

Suveren toppskårar for Valle/Otra-laget vart Mathilde K. Langeid. Ho putta heile 18 mål, og kan vise til eit snitt på 2,6 mål per kamp! Det kan ikkje ein gong Salah på Liverpool matche - enno..

Laget fekk nyleg sponsa jakker av Valle IL og Valle Sparebank som ekstra premie og takk for den flotte innsatsen gjennom sesongen!